Årets lærling i Møre og Romsdal

Kåring av Årets lærling
Kåring av Årets lærling
Publisert: 21/09/2020

Kåring av Årets lærling og Årets lærebedrift 2020

Del gjerne:

Også i år vil det verte kåring av Årets lærling i fylke. 

Prøvenemndene i Møre og Romsdal fylke har forslagsrett og kan nominere kandidatar til prisen. Opplæringskontor og enkeltståande lærebedrifter kan sende inn forslag på kandidatar i samråd med prøvenemnd etter følgande kriterium: 

Ei særs godt gjennomført fag-/sveineprøve der det blir lagt vekt på fagleg kunnskap og ferdigheit utanom det vanlege. Det skal dessutan leggast vekt på positive eigenskapar som: handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden. Dette inneber ei grundig vurdering av kandidaten som fagperson.

  • Forslag på kandidatar gjeld for avlagt prøve i perioden 01.01.-31.12.
  • Forslag skal grunngjevast godt både av opplæringskontor/lærebedrift og prøvenemnda.
  • Forslag sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. desember det året prøva er avlagt.
  • Forslag kan sendast inn heile året og seinast innan 10.januar påfølgande år.
  • Forslag skal sendast pr eDialog eller e-post til post@mrfylke.no


Det vert også kåring av Årets lærebedrift. 

Opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar med grunnlag/fagleg bakgrunn for å nominere kan sende inn forslag på Årets lærebedrift. Juryen vil foreta ei totalvurdering av dei nominerte bedriftene.  Prisen gis til ei bedrift som har utmerka seg i sitt arbeid med lærlingar. I store konsern/kommunar er det den enkelte avdeling/eining som kan nominerast. 

Kriteria som skal ligge til grunn for tildeling av prisen er:  

  •  Bedrifta er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.  
  • Bedrifta har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.  
  • Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.  
  • Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.  
  • Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon. 

Forslag på Årets lærebedrift kan sendast inn her