Skal du søke læreplass?

Informasjonshefte frå Fylkeskommunen
Informasjonshefte frå Fylkeskommunen
Publisert: 21/01/2021

Nyttig informasjon til deg som skal søke læreplass i år

Del gjerne:

Om du skal søke læreplass til hausten kan det vere lurt å sette seg inn i korleis dette går føre seg.

Søknadsfrist

  • 1.mars for ordinært inntak til vidaregåande skule og formidling til læreplass på www.vigo.no
  • 1.februar for særskilt inntak ( inntak etter sakkunnig vurdering)

Korleis søke læreplass?

Du må registrere deg som søkar på Vigo før 1.mars. Deretter må du søke på læreplassar ved dei aktuelle bedriftene. Svar på stillingsannonser i aviser eller på internett, og send inn ein god søknad. Møt godt førebudd til eventuelle intervju. Ved utplassering i faget Yrkesfaglig fordyping er det viktig å gi eit godt inntrykk. Unngå fråvær og vis initiativ. Husk at det er bedriftene som vel ut kven dei vil ta inn som lærling, så innsatsen din i utplasseringsperioda er viktig.

Du kan lese meir om søknadsprosessen og få nyttige tips i brosjyrene frå Møre og Romsdal fylkeskommune nedanfor.

Frå elev til lærling 2021

Frå elev til lærekandidat 2021

Nedanfor finn du lenkjer med meir informasjon om søking på læreplass!

Ofte stilte spørsmål om formidling av læreplass

www.vilbli.no

www.facebook.com/mrfylke

Sjekk ut våre medlemsbedrifter og aktuelle lærefag her