Lærlingsamling på Eidet Omsorgssenter

Samling for lærlingar i Helsearbeidarfaget
Del gjerne:
Onsdag 18.april samla vi lærlingane vår i helsearbeiderfaget til samling på eidet Omsorgssenter. Før lunsj fekk lærlingane omvising på det nye bygget og innføring i korleis omsorgssenteret har tatt i bruk velferdsteknologi. Vivian Maridal forklarte korleis ho trur velferdsteknologi kan effektivisere tenestene og gi brukarane meir tilrettelagt oppfølging. Dei fekk også opplæring i dokumentasjon av Kari Ann Jensen før lunsjen vart servert i kafeen.
Etter lunsj fekk lærlingane orientering om korleis kjøkensjef, Daniel Røkke, jobbar for å gje brukarane eit best mulig kosthold. Samlinga vart avslutta med gjennomgang av aktuelle lover som er lærlingane må ha kjennskap til.