Nye rutinar for privatistar

Privatisteksamen
Privatisteksamen
Publisert: 12/08/2021

Skal du melde deg opp til privatisteksamen i haust?

Del gjerne:

Møre og Romsdal fylkeskommune melder på sine heimesider at oppmelding til privatisteksamen vil frå og med no skje i Visma. Dette er det nye nasjonale skoleadministrative systemet i vidaregåande skole som blir innført frå skolestart.

Det vil seie at Privatistweb som har blitt brukt tidlegare vil bli avvikla og erstatta.

For å melde deg opp til privatisteksamen må du gå inn her: https://privatist.inschool.visma.no/

Merk at denne portalen har endra opningstider for oppmelding til eksamen. For haustperioden er portalen open frå 1. september til 15. september. For våreksamen er den open frå 15. januar til 1. februar. Meir informasjon finn du her: https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/privatist eller ta kontakt med den skolen det gjeld.