Teikningslesingskurs
Teikningslesingskurs for lærlingar i platearbeidarfaget
Del gjerne:
Vi har i dag gjennomført teikningslesingskurs for våre lærlingar i platearbeidarfaget. Kurset vart gjennomført på Brattvåg Hotell, der instruktør Mads-Ole Winther Kristiansen frå IP-Huse, fekk dele sin visdom med tolv lærlingar frå våre medlemsbedrifter. Det er stor forskjell på kor mykje lærlingane arbeider med arbeidsteikningar i dei ulike bedriftene, og målet med samlinga var å gje lærlingane faglig påfyll i teikningsforståing. Dette vert spesielt viktig for dei av lærlingane som skal opp til fagprøve allereie til våren.
Vi håper dette var ei nyttig samling og noko lærlingane kan ta med seg i det vidare i arbeidet fram mot fagprøva.