Uttakskonkurranse til Fylkesmesterskapet
Emma og Anders klare for Fylkesmesterskapet i Kristiansund
Haram vgs har no gjennomført uttakskonkurranse i maskinering og i sveising, der vinnaren skal representere skulen på Fylkesmesterskapet i Kristiansund 31.januar. Vinnaren på Fylkesmesterskapet går i sin tur vidare til skule-NM som vert arrangert på Lillehammer 26. og 27. april.
I sveisefaget vart det konkurrert i både røyrtrådsveising og TIG-sveising og vinnaren, Emma Skarsbø Grytten, viste at ho hadde god kontroll på begge sveisemetodane.
I klassen for maskinering var det Anders Toven som vant. Han fekk prøve seg på dreiing, fresing og gjenging. Dette meistra han så godt at han får representere Haram vgs på Fylkesmesterskapet.
Skulekonkurransane skal vere med på auke motivasjonen til elevane og bidra til høgare kvalitet i opplæringa. Konkurransane kan også vere eit virkemiddel for auke statusen til fag- og yrkesopplæringa, og ikkje minst vise kor mange flinke ungdommar som satsar på eit yrkesfag.
Les meir om skulekonkurransar på worldskills.no