Yrkes NM 2022

Img 1139
Img 1139
Publisert: 29/04/2022

Gull og bronse i Yrkes NM !

Del gjerne:

Denne veka har det blitt gjennomført Yrkes NM på Raufoss. Opplæringskontoret hadde med to dyktige deltakarar. Steffen Skaget frå Vard Søviknes og Niklas S Hansen frå IP Huse. Og dei leverte varene til gangs desse tre dagane. Steffen sveisa seg til gull og kan no titulere seg som Norgesmeister i Sveisefaget. Han er dermed tatt opp i Norges viktigaste landslag, Yrkeslandslaget, og skal dermed representere Norge i Yrkes VM i Shanghai i oktober!

Oppgåvene i NM er svært varierte. Steffen har sveisa både svartstål, rustfritt og aluminium desse dagane, og han har vore innom både TIG, MAG MIG og elektrodesveising i dei fleste sveiseposisjonane. På bildet under ser de tanken som var spesielt utfordrande og som også vart testa på 70 bar.

Vi gler oss til følgje Steffen i dei vidare konkurransane.

Steffen i gang med tanken

Niklas tok bronse i Industrimekanikarfaget. Ei sterk plassering, spesielt med tanke på at han var den yngste deltakaren i konkurransen! Niklas er TAF-lærling på IP Huse/ Haram vgs og er der inne i sitt første år som lærling. På dei tre konkurransedagane var han innom mange varierte oppgåver. Dreiing, fresing, røyrbøying, oppretting og sveising. Og alt dette må planleggast med sikker jobbanalyse i forkant, og evaluerast etter gjennomføringa.

Niklas fokuserer på maskineringsoppgåva

Kjekt var det også at begge laga frå Borgund vgs gjorde det skarpt i konkurransen. Med 2. og 3. plass i Automatiseringfaget kom alle dei seks deltakarane frå Sunnmøre på pallen. Imponerande!


Alle deltakarane frå Sunnmøre kom på pallen