Arbeidstid
Arbeidstid

Rettar og plikter

Sist oppdatert: 02/03/2021

Overgangen frå å vere elev til å bli lærling kan vere stor. Under finn du informasjon om dine rettar og plikter som lærling.

Arbeidstid

Som lærling skal du følgje arbeidstida bedrifta har for sine tilsette. Dette gjeld både om bedrifta har fast arbeidstid på dagtid, eller om bedrifta har turnusarbeid. I følgje arbeidsmiljølova er det 40 timars arbeidsveke i Noreg. Fag og -bransjeorganisasjonane har inngått tariffavtaler om 37,5 timars arbeidsveke. Arbeidstida di vil avhenge av om det er inngått tariffavtale eller ikkje. Går du i turnus skal det vere minst 10 timar mellom kvart skift om ikkje anna er avtalt. Lærlingar/lærekandidatar under 18 år kjem inn under regelen om at arbeidsdagen skal vere i tidsrom mellom kl. 06.00 og kl. 23.00, og skal ikkje arbeide meir enn 40 timar pr. veke.

Oppmøte og fråvær

Dei tilsette på ein arbeidsplass er som regel avhengig av kvarandre for at arbeidsoppgåver skal bli gjort. Det er difor viktig å møte presis. Du har plikt til å melde frå om du må vere heime grunna sjukdom. Stort fråvær i læretida kan medføre utvida læretid, eller i verste fall heving av kontrakta.

Lønn

Læretida i dei fleste fag er på to år. Teknisk sett blir det eine året rekna som opplæringsår, og det andre året for verdiskapingsår der du er produktiv for bedrifta. Du får i læretida ei årslønn fordelt over to år. Kva du får i lønn er ulikt frå fagområde til fagområde. Fordelinga av lønn til lærlingar er oftast slik:

  • 1.halvår : 30 % av løn til fagarbeidar
  • 2.halvår: 40 % av løn til fagarbeidar
  • 3.halvår : 50 % av løn til fagarbeidar
  • 4.halvår: 80 % av løn til fagarbeidar

Det er eigne reglar for betaling av overtid og ein må vere over 18 for å kunne jobbe overtid. Avtal alltid overtidsbetaling før du tek på deg arbeidet.

Arbeidstøy

Det er vanleg at arbeidsplassen held deg med arbeidstøy og verktøy. Arbeidsgivar har ansvar for at nødvendig verneutstyr er tilgjengeleg. Du har plikt til å bruke verneutstyret.

Graviditet

Som lærling er du arbeidstakar med dei same rettane som andre arbeidstakarar. Blir du gravid har du rett til permisjon på same vilkår som andre. Det er viktig å avklare med arbeidsgivar korleis ein slik situasjon skal handterast.

Hjelp ved konfliktar

Om noko blir problematisk for deg i bedrifta der du er lærling, må du først forsøke å ta opp dette på lavaste nivå- dvs med instruktør/ fagleg leiar, personalansvarleg eller tilsynsrepresentant i bedrifta. Mykje kan løyse seg om ein snakkar om det.

Ta gjerne også kontakt med opplæringskontoret. I oppfølgingssamtaler med NÅOPP blir du også oppforda til å ta opp ting du meiner er problematisk eller som du er usikker på.

Om problema ikkje blir løyst i bedrifta kan du kontakte Opplæring i bedrift i Møre og Romsdal fylke.