Lærlingesamling 26.06.2025

Vi har gjennomført samling for 1.årslærlingane i industrifaga, om m.a. HMS og kvalitet, yrkeskompetanse, læreplan og dokumentering.

Publisert: 04.07.2025 / Oppdatert: 04.07.25
Arrangement dato: 26. juni

Førre veke hadde vi ei teoritung samling for 1.årslærlingane i industrifaga på ID Huset i Brattvåg.

Tema var

  • HMS og kvalitet – sikkerheitsdatablad og stoffkartotek, kvalitetssikringsystem, avviksbehandling m.m.
  • Heilheitleg yrkeskompetanse, læreplan, dokumentasjon og olkweb

Vi fekk også besøk av næringssjefen i Haram kommune, Inger Synnøve Remme, som snakka om framtidas behov for kompetanse i regionen.

Sjølv om det vart mange timar teori håpar vi at lærlingane ser verdien av ei slik samling.
Målet er å gi dei kunnskap og opplæring i tema relevant for læreplanane og fagprøva.
Vi ønskjer å vere med på å utdanne gode fagfolk, med heiltheitleg yrkeskompetanse!

Lærlingane fekk også arbeide med oppgåver, og mot slutten av dagen var det erfaringsutveksling etter 1. læreår, der lærlingane svarte på ei menti-undersøking som vil vere til god nytte i NÅOPP sitt vidare arbeid.

Helhetlig yrkeskompetanse

Helhetlig yrkeskompetanse refererer til den samlede kompetansen en person trenger for å utføre et yrke på en god måte, inkludert både faglige ferdigheter, evne til refleksjon, kritisk tenkning, og forståelse for helheten i yrket. Det handler om å se sammenhengen mellom teori og praksis, og å kunne anvende kunnskap i ulike situasjoner.

– Grete Haaland

Del artikkelen