Det er fleire måtar du som vaksen kan ta fagbrev på.
Det er fleire måtar du som vaksen kan ta fagbrev på.
Praksiskandidat
Dersom du ikkje har formell skolegang, men har lang og allsidig arbeidspraksis i faget, kan du ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat. Praksiskandidatar går opp til den same fag- eller sveineprøva som lærlingar eller fagbrev på jobb-kandidatar.
Les om ordninga på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les om ordninga her
Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne som er i eit arbeidsfohold.
Søknadsfrist er 4. mai 2025. Kontrakten må ha oppstart seinast 1. august 2025.
Les om ordninga på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les om ordninga her
Vaksen lærling
Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobbe i ei bedrift. Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skole og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Det vanlege er to år på skole og to år i bedrift. I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag. Etter desse to åra går du opp til fag- eller sveineprøve.
Du kan også vere lærling som vaksen. Du må ha bestått fellesfaga og ein teorieksamen før du går opp til fagprøva.
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande har rett til videregående opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse.
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, har rett til videregåande opplæring. Det same gjeld for personar som har fullført videregående opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg. Det står i opplæringsloven § 5-1.
Etter fylte 24 år har ein rett til videregåande opplæring for vaksne. Personer mellom 19–24 år kan velge om dei vil ha opplæring organisert for elevar eller vaksne.
Dei som har fullført grunnskoleopplæringaeller tilsvarande, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå før, har rett til videregåande opplæring for vaksne. Det står i opplæringsloven § 18-3.