Om oss

NÅOPP-Fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal
Opplæringskontoret er eit samarbeidsorgan for medlemsbedrifter etter §7-12 i opplæringslova.Samarbeidsorganet kan  teikne kontrakt for opplæring etter opplæringslov §7-2 og ta imot lærlingtilskott på vegne av medlemsbedriftene etter opplæringslov §7-8.

NÅOPP har medlemsbedrifter på Nordre Sunnmøre og i Romsdal.

Publisert: 10.12.2024 / Oppdatert: 13.03.25

Opplæringskontoret vart stifta i 1996 og er eit fleirfagleg opplæringskontor.
NÅOPP sine medlemsbedrifter ligg sentralt i den såkalla maritime klynga. Det betyr at mange av våre bedrifter er høgteknologiske, og tilbyr spanande og interessante læreplassar. I tillegg til det private næringslivet er Haram kommune tilknytta kontoret, og tilbyr interessante læreplassar i kommunale fag. Vi har også medlemsbedrifter som tilbyr læreplassar  innan fleire av dei andre utdanningsprogramma.
Bedriftene i området kan by på nokon av dei beste karrieremoglegheitene i landet. Regionen har lang tradisjon for lærlingar,og sørgjer for eit godt læringsmiljø.

NÅOPP skal arbeide for å gi lærlingane /lærekandidatane ei god læretid med auka kompetanse og gode haldningar, rusta for å møte vidare arbeidsliv eller utdanning.
Lærlingordninga skal bidra til rekruttering av dyktige fagarbeidarar i våre medlemsbedrifter og til at fagopplæringa er ein attraktiv utdanningsveg.

Vårt mål

Å bidra til at dei fleste kjem seg gjennom det fire-årige utdanningsløpet,
at lærlingane har ei god læretid og består fag-/sveineprøva og er kvalifisert til vidare arbeid eller utdanning.

Våre oppgåver

Våre oppgåver

  • Opprettar kontraktar for opplæring i vigo på vegne av medlemsbedriftene.
  • Sørge for at lærlingane /lærekandidatane har gjeldande læreplanar.
  • Gi lærlingane/lærekandidatane og medlemsbedriftene opplæring i og tilgang til OLKWEB.
  • Støtte medlemsbedriftene i å utarbeid intern plan for opplæringa.
  • Delta i oppfølgings-halvårssamtaler/vurderingssamtalar.
  • Delta i bekymringssamtaler/fare for heving.
  • Søke om ekstra tilskott ved behov.
  • Organisere aktuelle kurs for lærlingar/lærekandidatar og instruktørar/ faglege leiarar.
  • Melde opp til fag -sveineprøve /kompetanseprøve og evt. søke om tilrettelegging.
  • Rekruttere og informere om fagopplæring og praksiskandidatordninga.
  • Følgje opp at lærlingar som manglar fag melder seg opp til privatisteksamen.
  • Handtere samarbeidet mellom medlemsbedriftene og fylkeskommunen i tråd med rutinar og lovverk.

Dagleg leiar

Marit Håhjem Volstad

Opplæringskonsulent

Lene Alvestad Sønderland

Styret i NÅOPP

Årsmøtet er øvste organ og er ansvarleg for å velje eit styre.Styremedlemmane blir vald frå medlemsbedriftene
Styreleiar:
Magne Runar Harnes , IP Huse AS
Nestleiar:
Hilde-Marit Fjærestad Fiksdal, Vard Group
Styremedlem:
Bjørn Petter Larsen-Bøhn, Nogva Motorfabrikk AS
Ronny Vik, Maritim Motor AS
Iren Anette Hatlehol, Haram kommune
Arbeidstakarrepresentant:
Jørn Inge Hestnes, Fellesforbundet Vard Group
Lærlingrepresenant
Sigurd Kvalsvik Lausund
Vararpresentantar:
Enis Maksumic, Kongsberg Maritime AS,avd Brattvåg
Lene Fosseng Sjøholt, Ulmo AS