Elevkveld for 10. klasse ved VARD Søviknes

6. november inviterte VARD 10. klassingane i området til elevkveld ved VARD Søviknes.
Der var det variert program for både elevar og føresette – og NÅOPP fekk vere med!

Publisert: 21.11.2025 / Oppdatert: 21.11.25
Arrangement dato: 06. november

VARD arrangerte i år for første gong elevkveld for 10. klasse for å synleggjere moglegheitene i bedrifta.
Dette var eit imponerande opplegg, skreddarsydd for å inspirere og informere både elev og vaksne!
For elevane var det lagt opp til rebusløype i produksjonen der dei fekk innblikk i alle disiplinar, mens dei føresette fekk forskjellige informasjonsinnlegg i tida som ungdommen var ute på verkstad og båt.

 

Elevane får demonstrert sveising av lærling. Foto: Rikke Naalsund

VARD tilbyr læreplassar i mange forskjellige fag; industrimekanikarfaget, industrirørleggarfaget, platearbeidarfaget, sveisefaget, industrimålarfaget, logistikkfaget, elektrikarfaget, automatiseringsfaget og tavlemontørfaget.
Det er også mogleg med andre fag som for eksempel administrasjonsfaget og IT-driftsfaget.

Dei har no rundt 60 lærlingar fordelt på VARD Søviknes, VARD Brattvaag, VARD Langsten og VARD Electro.
Lærlingeordninga er viktig for at bedrifter skal få rekruttert ny faglært arbeidskraft.

 

Sjå video frå kvelden!

Steffen Skaget, arbeidsleiar og fagansvarleg

Verftsdirektør Arnt Inge Gjerde opna kvelden med generell orientering om VARD og fortalte litt om sin veg frå lærling til verftsdirektør.
Det vart servert pizza og brus til alle saman før elevane fekk på seg kjeledress og verneutstyr og vart losa i grupper gjennom rebusløypa i produksjonen.

NÅOPP hadde innlegg om moglegheitene innan yrkesfag og opplæringskontoret si rolle.

Steffen Skaget fortalte om sin utdanningsveg og høgdepunkt i karrieren så langt – m.a. å få delta på (og vinne!) Yrkes-NM i sveisefaget og å følgje opp lærlingane i faget i bedrifta. Etter fagbrevet har han både blitt arbeidsleiar og gjennomført fagskuleutdanning som sveiseteknikar (IWT). No er han i gang med sveiseingeniørutdanning (IWE).
Arve Krogsethagen, produksjonssjef og lærlingansvarleg ved VARD Søviknes, orienterte om oppfølginga av lærlingar, godar i VARD og kva dei ser etter når dei skal ansette lærlingar.

 

Petter Sønderland, VARD Electro

Lærling i elektrikerfaget i VARD Electro, Petter Sønderland, hadde på tampen av kvelden eit engasjerande innlegg for alle saman om det å vere lærling, arbeidsoppgåver, kvifor han valte elektro og tankar om vegen vidare.

Mange av lærlingane i VARD deltok denne kvelden for å vise og forklare elevane kva faga deira går ut på.
Gode ambassadørar for både fag og bedrift!

I eit stort konsern som VARD er det óg behov for dei som har gått studiespesialiserande, men tema for kvelden var yrkesfag, kvifor bli lærling og behovet for arbeidskraft framover.

Det var veldig kjekt å bli inviterte til å delta, og vi håpar at elevane (og føresette) fekk eit godt innblikk i dei mange moglegheitene i både bedrifta og yrkesfag generelt.

Fleire bilete frå kvelden i bildekarusellen under. Takk til Rikke Naalsund for lån av mange av bileta.

 

Del artikkelen