Samling 02.12.2025

NÅOPP inviterte lærlingar, faglege leiarar og instruktørar til stor fellessamling på ID Huset i Brattvåg, tysdag 02.desember.

Publisert: 08.12.2025 / Oppdatert: 08.12.25
Arrangement dato: 02. desember

Rundt 115 deltakarar deltok på samlinga denne dagen. Det var utruleg kjekt å få samle så mange for fagleg påfyll og erfaringsdeling!

Rakel Heimvon – Læretid i Europa

Vi starta dagen med gjennomgang av Olkweb 4, ein ny versjon av det digitale oppfølgingsverktøyet som vi nyttar i NÅOPP.
Her er det ein del nytt for alle å setje seg inn i!

Vidare stod heilhetlig yrkeskompetanse på agendaen. Målet er å utdanne gode,reflekterte fagarbeidarar med yrkesstoltheit.
Kva er kompetanse, og kva eigenskapar er viktig for fagarbeidarar i dei ulike faga?
Her fekk deltakarane oppgåver på borda for erfaringsdeling og refleksjon.

Rakel Heimvon, internasjonal rådgivar i Møre & Romsdal Fylke, orienterte om mulighetene for utvekslingsopphald i Europa gjennom Erasmus +.

Etter lunsj underholdt Happiator – Arnt Sæter – oss med eit foredrag om arbeidsglede.
Eit humoristisk, men og alvorleg, innlegg som vi håper satte spor hos deltakarane.

Avslutningsvis viste NÅOPP bildekavalkade frå aktivitetar gjennom året og gav ein liten oppmerksomhet til dei lærlingane som har blitt med oss på skulebesøk og karrieredagar for å bidra til rekruttering til sine fag.
Flotte ambassadørar og vi ønskjer gjerne at enda fleire vil bli med framover.

Så heldige vi er som har verdas beste jobb!
Takknemlege for å få følgje denne flinke lærlingegjengen på vegen mot fagbrevet og å få samarbeide med så engasjerte instruktørar og faglege leiarar ute i bedriftene.

Marit, Happiator – Arnt Sæter og Lene
Del artikkelen