Dei tre sveiselærlingane Jakob Viddal Cummins, Amund Tafjord Rødhammer og Selma Marie Lerstad har alle kvalifisert seg til Yrkes-NM i industrifag 10. til 12. februar 2026 i Kongsberg.
Dei tre sveiselærlingane Jakob Viddal Cummins, Amund Tafjord Rødhammer og Selma Marie Lerstad har alle kvalifisert seg til Yrkes-NM i industrifag 10. til 12. februar 2026 i Kongsberg.

For ei bragd!
Jakob, Amund og Selma deltar i sveisefaget, og er tre av seks deltakarar i konkurransen som går av stabelen neste veke.
I kvalifiseringa måtte deltakarane gjennomføre og sende inn ei praktisk prøve. Resultata var ikkje klare før 20. januar, så det har vore spente deltakarar og kort tid mellom kvalifisering og konkurranse.
Det er Norsk Industri som arrangerer konkurransen, og det skal konkurrerast i sveisefaget, industrimekanikarfaget og automatiseringsfaget.
Yrkes-NM vart også arrangert i Førde 2025. Grunnen til at det blir arrangert eit nytt NM i desse faga er å ta ut deltakarar til Yrkeslandslaget til VM i Shanghai 2026 (sveisefaget og industrimekanikarfaget) og EM i Dusseldorf 2027 (automatiseringsfaget).
NÅOPP tok turen til VARD Søviknes for å ta ein prat med dei før konkurransen!
Alder: 18 år
Kjem frå: Grimstad
Utdanning: Vg1 Teknologi- industrifag, Sam Eyde Vgs
Vg2 Industriteknologi, Dahlske Vgs
Jakob er førsteårslæring i sveisefaget og kjem frå Grimstad.
Han vart tipsa av faren om å søke læreplass på VARD Søviknes då det ikkje er så mykje av verftsindustri på Sørlandet.
Jakob fekk ha ein utplasseringsperiode der på våren 2025 og søkte seg læreplass. Læreplass fekk han og flytta til Ellingsøya.
Grunnen til at han valte denne utdanningsretninga er at han likar godt å skru, og var mest interessert i industrifaga. Det viste seg at han var flink å sveise.
Yrkesfag er ein rask veg til arbeid og å starte tene pengar.
Han deltok i kvalifiseringa fordi det var eit ønskje frå bedrifta at han skulle delta, men forsikrar at han også ønskte det sjølv.
Det er god trening i faget berre å gjennomføre kvalifiseringsoppgåva.
Dei har trent mykje.
Jakob starta som lærling august 2025 så det er imponerande å allereie kvalifisere seg til eit Yrkes-NM!
Alder: 19 år
Kjem frå: Eidsdal
Utdanning: Vg1 Teknologi- og industrifag, Borgund Vgs
Vg2 Industriteknologi, Borgund Vgs
Amund er andreårslærling i sveisefaget.
Han søkte på læreplass i dette faget fordi han syns det verka interessant og fordi det er behov for fagarbeidarar.
Grunnen til at han ønskte læreplass på VARD Søviknes, er at det er ei stor og fin bedrift med eit godt rykte.
Han var ikkje utplassert der på vidaregåande, men onkelen har jobba der i mange år.
Å vere lærling seier han er kjekt. Dei har unike kvardagar og alltid noko å gjere.
Dei lærer litt og litt heile tida.
Han får god opplæring og trekk fram at det er eit stort pluss å ha ein erfaren sveisar som Steffen som lærlinginstruktør.
Amund syns det er kjekt å få delta i Yrkes-NM. Det er ei spennande oppleving og fint å ha på CV.
Han trekk fram at det er god trening i å delta, og at han lærer meir enn berre å sveise – ein må kunne planlegge og forstå steg for steg kva som skal skje.
Amund gler seg til konkurransen og syns det er kjekt at alle tre gjekk vidare.
Han seier han har litt erfaring frå konkurransesituasjon innan motorsporten, trail, som han kanskje kan dra nytte av.
Dei brukar mykje tid på å førebu seg og øvar på ulike metodar og sveisestillingar. Han er førebudd på tidspress og lange dagar.
Alder: 20 år
Kjem frå: Ålesund
Utdanning: Vg1 Teknologi- og industrifag, Borgund Vgs
Vg2 Industriteknologi, Borgund Vgs
Selma deltok også i Yrkes-NM 2025 i Førde og tok ein imponerande 3. plass der.
Ho er no andreårslærling og har eit år meir erfaring i faget. Denne gongen er ho ikkje like nervøs som sist, no veit ho kva ho går til.
Selma trur det blir kjekt, men er førebudd på at det blir intense dagar. Det er mykje dei skal utføre på konkurransedagane!
Selma har gått Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi ved Borgund vgs.
Interessa for teknologi og mekaniske fag har ho fått “heimafrå”. Spesielt interessert var ho i industrifaga.
Grunnen til at Selma søkte læreplass på VARD var bla. orientering frå tidlegare lærling Mathilde som var med NÅOPP på skulebesøk til Borgund.
Det viser at skulebesøk er viktig for rekruttering til bedriftene våre!
Selma har vore med oss på skulebesøk og karrieredagar og er ein god ambassadør for bedrifta og faget sitt.

Alle dei tre lærlingane tullar med at dei vart tvangspåmeldt til konkurransen.
Deira lærlingansvarleg og arbeidsleiar på avdelinga er nemleg Steffen Skaget, tidlegare norgesmeister i sveisefaget.
Han var med på Yrkeslandslaget og deltok i Yrkes-EM i Gdansk i 2023.
Det er sjølvsagt veldig verdifullt for lærlingane å ha ein med så mykje erfaring til å lære dei opp.
Steffen er stolt av lærlingane sine og skal vere med dei til Kongsberg.
Han har stor tru på at dei kan hevde seg i konkurransen.
Bedrifta er svært positiv til at lærlingar skal få delta i slike konkurransar.
Lærlingane får god utvikling og det er god reklame for bedrifta.
Det viser at dei lærer mykje og blir satsa på.
Hans beste tips er å ikkje stresse under konkurransen. Det ein ikkje kan til då får ein ikkje gjort noko med.
For han har deltaking i yrkeskonkurransar betydd mykje.
Det er ei eineståande oppleving som ikkje mange får.
Han har fått eit stort nettverk og utvikla seg både som sveisar og person.
Vi ønskjer alle lærlingane lykke til i konkurransen og gler oss til å heie dei fram i Kongsberg!
VARD Søviknes er eit skipsverft som ligg i Søvika. Verftet er ein del av VARD-gruppa og utrustar/igangkøyrer avanserte fartøy.
Skroga blir hovudsakeleg bygd ved VARD sine anlegg i Romania.
Søviknes spesialiserar seg også på skipsreparasjon og ombygging.
Verftet vart etablert i 1936 og har vore ein del av VARD sidan 1995.
Opp gjennom åra har VARD Søviknes bygd eitt breidt spekter av skip, frå fiskefartøy til avanserte offshorefartøy og ekspedisjonscruiseskip.
Dei er kjent for kvalitet og innovative løysingar.
Verftet er også ein viktig bidragsytar til lokalsamfunnet, med mange arbeidsplassar og ringverknadar langt utanfor si eiga bedrift.
VARD er ei av dei største lærebedriftene i opplæringskontoret med lang tradisjon for å ta inn og utdanne lærlingar.
Veldig mange vel å bli verande som fagarbeidarar eller kome tilbake til bedrifta etter endt skulegang.
Yrkes-NM er ein nasjonal yrkeskonkurranse der lærlingar og unge fagarbeidarar får sjansen til vise fram sitt talent og sine ferdigheiter i ulike fag.
Deltakarane skal konkurrere mot andre innan same yrkesdisiplin, og får med det moglegheit til å måle seg mot dei beste i landet.
For å få delta i NM har deltakarane måtte gjennom ei kvalifisering i forkant.
Yrkeskonkurransar bidreg til å auke anerkjenninga av yrkesfag, skape stoltheit, styrke kvalitet, og inspirere til vidare utvikling.
Slike arrangement kan vere ein viktig del av rekrutteringsarbeidet til yrkesfaglege utdanningar.
Yrkes-NM blir arrangert annakvart år, og fungerer som uttak til Yrkes-EM og Yrkes-VM. Der deltek Noreg med Yrkeslandslaget – Noregs viktigaste landslag!