Din tur no!
Publisert: 17/11/2023Vi er godt i gang med rekrutteringskampanjen vår "Din tur no!"
I oktober lanserte vi rekrutteringskampanjen vår "Din tur no!"
Når ein vel yrkesfag og blir lærling i ei lokal bedrift handlar det om langt meir enn berre arbeidsoppgåvene og verksemda ein er tilsett i. Ein blir del av ei stolt historie der generasjonar har gått føre ein, og lokalsamfunna rundt oss treng nye krefter for å bygge framtida! Det er no ungdommen sin tur til å ta over stafettpinnen og bygge vidare på den fantastiske utviklinga som har vore.
Gjennom kampanjen oppfordra vi medlemsbedriftene våre til å skrive brev til sine lærlingar for å fortelje dei kor viktige dei er, og bedriftene er i gang!
I vekene framover er NÅOPP ute i bedriftene for å filme og intervjue lærlingar, instruktørar, leiarar og andre for å få fram dei spanande faga og bedriftene vi har i vår region, og kor viktig rekruttering av nye lærlingar er for at denne utviklinga skal få halde fram. Det er stort behov for fagarbeidarar rundt om!
Filmane blir lagt ut på våre sosiale mediar i tida framover og vi håpar at dei kan vere med på å vekke interesse blant ungdommen som snart skal ta val for framtida, og dei som er med på å påverke vala deira.
Har du ikkje fått med deg kampanjen? Sjå filmane her: https://naaopp.no/rekruttering
Produksjonssjef Arve Krogsethagen, produksjonssjef ved Vard Søviknes
Arnt Inge Gjerde - verftsdirektør ved Vard Søviknes og Vard Brattvaag
Spanande oppgåver om bord i båtane. Her TIG-sveising
Lærling i industrirørleggarfaget ved Vard Søviknes, Amalie Rogne
Lærling i industrirørleggarfaget ved Vard Brattvaag, Liam Drønnesund, blir intervjua
Tobias Terøy Hurlen og Magnus Hildre Rogne er lærlingar i industrimekanikarfaget ved Nogva Motorfabrikk i Søvika
Ei av arbeidsoppgåvene i bedrifta er samanstilling av motorar
Lærlingane ved Nogva Motorfabrikk har motatt brev frå bedrifta si
Damian Mateusz Piasecki, CNC-maskinoperatørlærling ved IP Huse, har også mottatt brev!