Spennande tider – no er snart “fagprøvesesongen” i gong.
I løpet av mars har det blitt gjennomført fagprøvesamlingar for alle lærlingar i opplæringskontoret som skal opp til fagprøve dette året!
Spennande tider – no er snart “fagprøvesesongen” i gong.
I løpet av mars har det blitt gjennomført fagprøvesamlingar for alle lærlingar i opplæringskontoret som skal opp til fagprøve dette året!
På samlingane har lærlingane fått orientering om regelverk, oppmelding til fagprøve, gjennomføring, vurderingskriterier og vurdering, eventuell tilrettelegging og kva som skjer etter fagprøva.
05. mars var det samling for lærlingane i 11 av våre lærefag på ID Huset i Brattvåg.
17. mars og 19. mars var det felles samling med lærlingane i Sunnmøre kommunale opplæringskontor i hhv barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget på Ålesund rådhus.
Representantar frå fagprøvenemnda i alle fag var representert for å orientere om fagprøvene og svare på spørsmål frå lærlingane.
Dei gav gode råd og tips for gjennomføring av fagprøve, og mange av lærlingane melder tilbake om at skuldrane senkjer seg etter ein slik gjennomgang.
Veiledarane til lærlingane fekk også høve til å delta.
Stor takk til representantane frå fagprøvenemndene;
Holger Dyrli – platearbeidarfaget og sveisefaget
Jan Magnus Håhjem – industrirøyrleggarfaget
Terje Rogne – industrimekanikarfaget og motormekanikarfaget
Geir Daugstad – CNC-maskineringsfaget
Ole Høibakk – snekkerfaget med fordjuping
Otto Inge Sandvik – kjemiprosessfaget
Even Otterlei – automatiseringsfaget
Robin Helle – tavlemontørfaget
Odd Helge Sandvik – salsfaget
Terese Brusdal – barne- og ungdomsarbeiderfaget
Henriette Sjåstad Belden – helsearbeidarfaget
Stor takk også til Juuni Elisabeth Vatne, Inghild Arnesen og Per Atle Sjåstad som orienterte om karrieremuligheiter i den maritime klynga, utdanningsmuligheter ved NTNU i Ålesund og arbeidsmarknaden i området på samlinga 05.mars.
Vi ønskjer alle lærlingane lykke til på fagprøvene sine og gler oss til å kome ut i bedriftene for å gratulere dei som fagarbeidarar!