Fagprøvesamling 2026

NÅOPP arrangerer kvart år fagprøvesamling for lærlingane som skal opp til fagprøve i løpet av året.
Årets samling gjekk av stabelen 10.03.2026 på Vestnes Fjordhotell!

Publisert: 12.03.2026 / Oppdatert: 12.03.26
Arrangement dato: 10. mars
Fagprøvesamling 2026

Den spanande fagprøvesesongen er snart i gong. Dei fleste av lærlingane våre skal opp til fagprøve i løpet av vår/sommar, men vi har også lærlingar som gjennomfører fagprøve på andre tider av året.
På fagprøvesamlinga får lærlingane orientering om regelverk, oppmelding, gjennomføring, vurderingskriterier og vurdering, eventuell tilrettelegging og kva som skjer etter fagprøva.
Faglege leiarar og instruktørar kan også delta.

26 lærlingar i 6 forskjellige fag deltok på tysdagens samling.

Bilete av lærlingar og prøvenemnd i automatiseringsfaget som sitt i ei sittegruppe og snakkar om faprøve i faget
Fagprøvegjennomgang i automatiseringsfaget. Lærlingane Patryk, Alexander og Audun. Even frå prøvenemnda.

Representantar frå prøvenemnda i alle fag var representert for å orientere om fagprøvene og svare på spørsmål frå lærlingane.
Dei gav gode råd og tips for gjennomføring av fagprøva.

Stor takk til representantane frå fagprøvenemndene;
Holger Dyrli – platearbeidarfaget og sveisefaget
Mette Eide Sollid – industrirøyrleggarfaget
Terje Rogne – industrimekanikarfaget
Geir Daugstad – CNC-maskineringsfaget
Even Otterlei – automatiseringsfaget

I nokre av lærefaga våre har vi hatt fagprøvegjennomgang med prøvenemnd før denne fellessamlinga.

 

Elin Ous, Seniorrådgivar i NHO Møre og Romsdal
Elin Ous, seniorrådgivar i NHO Møre og Romsdal

Etter lunsj var tema framtidsmoglegheiter.
Jobb som fagarbeidar eller vidare utdanning – lærlingane har verden for sine føter!

Elin Ous, seniorrådgivar i NHO Møre og Romsdal, haldt innlegg om behovet i næringslivet og maritim næring.
Kva kan Møre og Romsdal tilby framtidas arbeidstakarar?
Kompetansebarometeret gir ein viktig peikepinn på behovet for arbeidskraft i dei forskjellige næringane.
Det er ikkje tvil om at det er og vil bli eit stort behov for fagarbeidarar framover, i tillegg til at det også er behov for arbeidskraft med høgare utdanning.

Bertil Holen, nærings- og arbeidslivskontakt Fagskolen Møre og Romsdal, orientere om utdanningstilboda ved Fagskolen Møre og Romsdal.

Bertil Holen, nærings- og arbeidslivskontakt Fagskolen Møre og Romsdal
Bertil Holen, Nærings- og arbeidslivskontakt Fagskolen Møre og Romsdal

Fagbrevet er inngangsbilletten til fagskulen. Fagskolen i Møre og Romsdal har studiestad i Ålesund og Kristiansund, med både heiltids- og deltidsstudie.

Mathias Vestgøte, Y-vegstudent ved NTNU Ålesund, orienterte om aktuelle utdanningstilbod og om studentlivet.

Mathias Vestgøte, NTNU Ålesund
Mathias Vestgøte, NTNU Ålesund

Med fagbrevet kan ein gå Y-vegen. Då må dei ta eit forkurs på sommaren.
Vi har også ein del YSK-lærlingar som både har studiekompetanse og yrkeskompetanse som kan gå direkte vidare til for eksempel eit ingeniørstudie.
Mathias viste fleire filmar om kva dei ulike studiene går ut på.

Vi håpar at samlinga ga lærlingane nyttig informasjon om både fagprøve og alternativa dei har framover.

NÅOPP er bra heldige som har fått vere med denne flotte lærlingegjengen på vegen mot fagbrevet.

Vi ønskjer alle lærlingane lykke til på fagprøvene sine og gler oss til å kome ut i bedriftene for å gratulere dei som fagarbeidarar!

Del artikkelen

Snart #stoltfagarbeidar #minturno