Våre to deltakarar gjorde ein svært god innsats under Yrkes NM.
Niklas Sæbjørn Hansen ,IP Huse AS deltok som ung fagarbeidar i industrimekanikarfaget og kunne reise heim med sølvmedalje, medan Selma Marie Lerstad 1.årslærling ved Vard Søviknes sveisa seg til bronsemedalje i sveisefaget.

Yrkes-NM er ein nasjonal yrkeskonkurranse i regi av World Skills Norway. Det var seks deltakarar frå ulike delar av landet som konkurrerte i begge faga.
Konkurransane gjekk over tre dagar og med fleire oppgåver som skulle løysast. Sjølve arrangementet i Førde var eit stort arrangement. I tillegg til dei ti faga det var konkurranse i, var også arrangementet ei utdanningsmesse med fokus på fag-og yrkesopplæringa for ungdomsskuleelevar.
Arrangementet starta med ein flott opningssermoni, det var NM -middag kveld to og ein spennande avslutningssermoni der vinnarane vart kåra.
Les meir på heimesida til world skils Norway