Klar for Yrkes-NM i industrimekanikarfaget!

Ane Rovde er industrimekanikarlærling ved Finnøy Gear & Propeller AS, og skal konkurrere i Yrkes-NM i industrifag 10. til 12. februar 2026 i Kongsberg.

Publisert: 02.02.2026 / Oppdatert: 02.02.26
Arrangement dato: 10. februar

Kvalifiseringa vart gjennomført før jul med både praktisk og teoretisk gjennomføring, og Ane er ein av seks i faget som har kvalifisert seg til å delta i NM.

Det er Norsk Industri som arrangerer konkurransen, og det skal konkurrerast i industrimekanikarfaget, sveisefaget og automatiseringsfaget.
Yrkes-NM vart også arrangert i Førde 2025. Grunnen til at det blir arrangert eit nytt NM i desse faga er å ta ut deltakarar til Yrkeslandslaget til VM i Shanghai 2026 (industrimekanikarfaget og sveisefaget) og EM i Dusseldorf 2027 (automatiseringsfaget).

NÅOPP tok seg ein tur ut på Finnøya for å ta ein prat med Ane før konkurransen!

Ane Rovde

Alder: 20

Kjem frå: Gossen, Aukra

Utdanning: Teknlogi- og industrifag/Industriteknologi
med studespesialisering (3 årig løp) ved
Romsdal Vgs

Ane var usikker på kva ho skulle velje då ho skulle søkje vidaregåande skule. Sidan ho har drive med gokart var ho glad i å skru og tenkte at teknologi- og industrifag kunne passe.
Det gjorde det, og i 2024 var ho ferdig med eit treårig kombinasjonsløp ved Romsdal Vgs, der ho har tatt både yrkesfag-industriteknologi og studiespesialisering.
Med dette løpet kunne ho gått rett vidare på skule, men Ane ville ut i jobb for å ta eit fagbrev.

Det var ikkje sjølvsagt at det var i havgapet på Finnøya ho skulle ha læretida si. Ho var ikkje kjent med bedrifta i forkant og søkte læreplass fleire stadar.

Etter intervju ved Finnøy Gear & Propeller kjende ho at dette kunne vere ein fin plass å ha læretida si.
Det har det vore, og til sommaren skal Ane gå opp til fagprøve i industrimekanikarfaget.
I bedrifta bygg dei gir og propellar til alle slags båtar i ulike størrelsar og typar.

Ane er på montering der ho blant anna får montere, sveise, dreie og legge rør.
Dei har også litt overhaling.
Ho fortel at læretida har vore som forventa med gode kollegaer, varierte dagar og mange spennande oppgåver.
Det er eit godt læringsmiljø i bedrifta, der ho opplever å bli forklart godt det ho lurar på og at det ikkje er farleg å stille spørsmål.

Ane og bror Joakim i arbeid

På spørsmål om ho vil anbefale andre å søkje læreplass i bedrifta er svaret absolutt ja!
Ein lærer mykje, får god opplæring og kjem innom heile læreplanen gjennom arbeidet.

Ane seier det er fint å bu på Finnøya, men det er ein liten plass så ein må vere kreativ med å finne på ting og open for å bli kjend med folk om ein ikkje kjenner folk der frå før.
Der er frisbeegolf, svømmebasseng, treningsrom og skøytebane/skiløype når forholda ligg til rette for det.
Ane er sambuar med ein frå Finnøya så ho har eit nettverk der. Broren hennar har også flytta dit og fått seg jobb i bedrifta nyleg.

Yrkes-NM

Det var bedrifta som ønskte at Ane skulle prøve å kvalifisere seg til Yrkes-NM.
På den teoretiske delen av kvalifiseringa skulle deltakarane forklare korleis dei vil løyse ein case, samt svare på teoretiske spørsmål.
Den praktiske delen var ei dreieoppgåve som vart sendt inn.
Like før jul fekk ho svaret om at ho hadde kvalifisert seg. Ho er glad og spent på å få delta på eit slikt arrangement, og har ikkje erfaring frå f.eks. skulekonkurransar tidlegare.
Ane seier deltakinga er ei god moglegheit til å utvikle seg, og at det er kjekt om ho kan gjere det bra der.
Det er også godt når bedrifta, spesielt ved fagleg leiar, viser at dei har trua på ho og oppmuntra til å delta.

Ane og Jon Sigurd

At fagleg leiar, Jon Sigurd Finnøy, har trua på Ane er det ingen tvil om.
Han har sett potensiale i ho heilt frå starten av læretida, og ytra tidleg ønskje om at ho skulle få mulighet til å delta i Yrkes-NM.
Det å få melde seg på og delta i Yrkes-NM er ei gulrot for dei som utmerkar seg seier han.
Som bedrift ser dei positivt på å delta for at kandidaten skal få utvikle seg, fremme faget og bedrifta.
Jon Sigurd seier at Ane er disiplinert, gjer arbeidsoppgåvene ho blir satt til, tek raskt til seg kunnskap og tilbakemeldingar, og at ho aldri blir stressa.
Han er veldig stolt av at ho klarte å kvalifisere seg, og det var stor jubel i bedrifta under julelunsjen då han fekk fortelje nyheita.
Å vere ein av seks som kvalifiserar seg er ei bragd i seg sjølv, og det blir spennande å følgje henne i Kongsberg.

Vi ønskjer Ane lykke til i konkurransen og gler oss til å heie ho fram i Kongsberg!

Jon Sigurd Finnøy - Fagleg leiar

“Er du lærling her kan du noko når du er ferdig!”

Om bedrifta

Finnøy Gear & Propeller AS har ei lang og rik historie innan den maritime industrien i Noreg.
Selskapet har utvikla seg frå å vere ein lokal produsent til å bli ein anerkjend leverandør globalt.
I 1884 starta Nils Nilsen Finnøy ei smie på Finnøya som skulle vise seg å bli grunnlaget for både Finnøy Gear & Propeller og fleire andre mekaniske bedrifter i regionen.
Han tok patent på eit garnspel i 1891, og seinare på linespel og vinsj.
I 1902 lagde han prototypen til den første norskbygde fiskemotoren. I 1975 vart den siste motoren produsert og bedrifta skifta fokus til gir og vribare propellar.
I starten var det produsert små gir som no har utvikla seg til store og avanserte gir.

Gjennom generasjonar har Finnøy Gear & Propeller AS bygd eit solid fundament basert på fagkunnskap og dedikasjon.
Dette har gjort dei i stand til å møte utfordringar og gripe moglegheiter i ein stadig skiftande industri.
Dei leverer innovative løysingar og har heile prosessen frå salg til service.

Ei verkeleg hjørnesteinsbedrift!

Finnøy Gear & Propeller AS

Kva er Yrkes-NM?

Yrkes-NM er ein nasjonal yrkeskonkurranse der lærlingar og unge fagarbeidarar får sjansen til vise fram sitt talent og sine ferdigheiter i ulike fag.
Deltakarane skal konkurrere mot andre innan same yrkesdisiplin, og får med det moglegheit til å måle seg mot dei beste i landet.
For å få delta i NM har deltakarane måtte gjennom ei kvalifisering i forkant.

Yrkeskonkurransar bidreg til å auke anerkjenninga av yrkesfag, skape stoltheit, styrke kvalitet, og inspirere til vidare utvikling.
Slike arrangement kan vere ein viktig del av rekrutteringsarbeidet til yrkesfaglege utdanningar.
Yrkes-NM blir arrangert annakvart år, og fungerer som uttak til Yrkes-EM og Yrkes-VM. Der deltek Noreg med Yrkeslandslaget – Noregs viktigaste landslag!

Sjå meir om konkurransen på Norsk Industri si side!

Del artikkelen