Kongsberg Maritime, avd Brattvåg vart kåra til årets lærebedrift i Møre og Romsdal 2024.
Ved ei markering i bedrifta 12.mars delte leiar i Y-nemnda Kari Ansnes Hoset ut prisen til Rune Longva SVP Manufacturing DMMC.
Kongsberg Maritime, avd Brattvåg vart kåra til årets lærebedrift i Møre og Romsdal 2024.
Ved ei markering i bedrifta 12.mars delte leiar i Y-nemnda Kari Ansnes Hoset ut prisen til Rune Longva SVP Manufacturing DMMC.
Y-nemnda i Møre og Romsdal fylkeskommune valde Kongsberg Maritime ,Brattvåg etter nøye vurdering mellom dei 27 nominerte bedriftene.
Kriteria som er lagt til grunn for prisen er:
– Bedriften er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
– Bedriften har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil lærlingstettheit over tid.
– Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
– Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og få hevingar
– Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon.
Y-nemnda la særleg vekt på Kongsberg Maritime, avd Brattvåg sitt solide arbeid over tid, at bedriften har eit godt læringsmiljø, høg gjennomføringsgrad, gode resultat og etterlever regelverk og dokumentasjon.
Dagleg leiar i NÅOPP Marit Håhjem Volstad vart tildelt diplom og blomster som samarbeidsorgan for årets lærebedrift.
Etter utdeling av pris var det kake og kaffe til lærlingar og involverte i opplæringa og til slutt omvisning i bedriften før det heile vart avslutta med årsmøte i NÅOPP.