Verdens største yrkeskonkurranse, WorldSkills, vart gjennomført for 48. gong i Shanghai 22. – 27. september.
Ein arena der nokon av dei beste lærlingane og unge fagarbeidarane frå heile verda møtast for å konkurrere i sine fag.
Verdens største yrkeskonkurranse, WorldSkills, vart gjennomført for 48. gong i Shanghai 22. – 27. september.
Ein arena der nokon av dei beste lærlingane og unge fagarbeidarane frå heile verda møtast for å konkurrere i sine fag.

Noreg deltok med 16 deltakarar i 14 ulike fag.
Totalt var det gjennomført konkurransar i 64 fag, med rundt 1400 deltakar frå nesten 70 land.

Ane Rovde, fagarbeidar ved Finnøy Gear & Propeller deltok i industrimekanikarfaget.
Ho tok gull i Yrkes-NM på Kongsberg i februar 2026, og fekk dermed delta på Yrkeslandslaget og representere Noreg i faget sitt i Yrkes-VM.
Gjennom våren har landslaget hatt samlingar for å førebu deltakarane til det som som venta i Shanghai – både fagleg og sosialt.
Ane har også fått delta på kurs, for eksempel i Sverige på laseroppretting.
Finnøy Gear & Propeller er medlemsbedrift i NÅOPP og vi har difor fått følgje Ane frå starten på læretida og no heilt fram til Yrkes-VM.
Førebuinga til VM var også god trening til fagprøva som Ane gjennomførte før sommaren.
Les intervjuet vi laga med Ane før NM her:
Etter ein storslått opningsseremoni starta den praktiske delen av konkurransen 23. september.
Det var fire intense konkurransedagar med tøft tidspress.

Ane hadde oppgåve med sveising, fresing, dreiing og pneumatikk, samt samanstilling til slutt.
For kvar oppgåve samla deltakarane poeng som vart slått saman til ein endeleg poengsum.
Det var 15 land som deltok i industrimekanikarfaget.
Alle utøvarane har med eigen ekspert og mentor, som også fungerer som dommar under konkurransen.
Ane sin ekspert er Asle Muren som til dagleg arbeider på Opplæringskontoret for mekaniske fag.
Noko som gong på gong har imponert oss er den roa og fokuset Ane klarar å halde i pressa situasjonar.
Ane vart intervjua av WorldSkillsNorway på dag tre av konkurransen:

Konkurranse-arenaen, National Exhibition and Convention Center (NECC), var enorm.
300 000 kvardratmeter var gjort om til konkurranseverkstadar, fordelt på store hallar over fleire etasjer.
Konkurransen var nesten som ei stor yrkesmesse der ein kunne sjå på konkurransane, snakke med ulike bedrifter og “try a skill”.
Kvart einaste fag hadde sin eigen prøvestasjon der du kunne prøve ulike element frå faga.
Det som verkeleg slo oss var kor langt framme alt var teknologisk.
Video frå WorldSkills her:
Henrik Solberg Bølgenhaugen tok tredjeplassen og bronsemedalje i helsearbeidarfaget.
Elles mottok seks av dei norske utøvarane Medal for Excellence i fire fag.
Det er ein utmerkelse til utøvarar som oppnår minst 700 poeng utan å motta gull, sølv eller bronse.

Vi er kjempeimponerte og stolte over innsatsen til alle deltakarane.
Dei er fantastiske ambassadørar for sine fag, bedrifter og Noreg – uansett resultat i den internasjonale konkurransen.
Gratulerer så mykje til alle saman!
For eit samhald landslaget har vist – dei har heia fram og støtta kvarandre.
Honnør også til støtteapparatet rundt i WorldSkills Norway, ekspertane, fagorganisasjonar og andre støttespelarar.
Yrkeslandslaget er verkeleg Noregs viktigaste landslag.
For ein utruleg opplevelse dette har vore.
Mange av deltakarane vi snakka med undervegs sa dei ikkje skjønte kor stort det var å delta i eit verdensmeisterskap før dei kom dit.
Vi håpar at enda fleire får augene opp for yrkeskonkurransar framover.
Sjå avslutningsseremonien her:
Les meir om då Ane tok NM-gull under: