Neste veke brakar det laust i Førde!
Yrkes-NM går av stabelen 1. – 3. april med konkurransar i ti ulike fag.
Lærling på VARD Søviknes, Selma Marie Lerstad, skal delta i sveisefaget.
Neste veke brakar det laust i Førde!
Yrkes-NM går av stabelen 1. – 3. april med konkurransar i ti ulike fag.
Lærling på VARD Søviknes, Selma Marie Lerstad, skal delta i sveisefaget.
Yrkes-NM er ein nasjonal yrkeskonkurranse der lærlingar og unge fagarbeidarar får sjansen til vise fram sitt talent og sine ferdigheiter i ulike fag.
Deltakarane skal konkurrere mot andre innan same yrkesdisiplin, og får med det moglegheit til å måle seg mot dei beste i landet.
For å få delta i NM har deltakarane måtte gjennom ei kvalifisering i forkant.
Yrkes-NM 2025 er eit samarbeid mellom WorldSkills Norway, Vestland Fylkeskommune og lokale opplæringskontor.
Yrkeskonkurransar bidreg til å auke anerkjenninga av yrkesfag, skape stoltheit, styrke kvalitet, og inspirere til vidare utvikling.
Slike arrangement kan vere ein viktig del av rekrutteringsarbeidet til yrkesfaglege utdanningar.
Yrkes-NM blir arrangert annakvart år, og fungerer som uttak til Yrkes-EM og Yrkes-VM. Der deltek Noreg med Yrkeslandslaget – Noregs viktigaste landslag!
Selma, som starta som lærling ved Vard Søviknes i august 2024, er ein av seks deltakarar som kvalifiserte seg til å bli med i NM i sveisefaget. Det er vi alle kjempestolte av, og vi gler oss til å følgje ho gjennom konkurransen i Førde!
Vi har tatt ein prat med ho om yrkesval, lærebedrift og kva som gjorde ho ønska å delta i NM.
Selma har gått Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi ved Borgund vgs.
Interessa for teknologi og mekaniske fag har ho fått “heimafrå”. Spesielt interessert var ho i industrifaga.
Grunnen til at Selma søkte læreplass på Vard var bla. orientering frå tidlegare lærling Mathilde som var med NÅOPP på skulebesøk til Borgund. Det viser at skulebesøk er viktig for rekruttering til bedriftene våre!
Ho er glad for at ho fekk læreplass i sveisefaget og seier ho får god opplæring og oppfølging.
Selma har vore med oss på skulebesøk og er ein god ambassadør for bedrifta og faget sitt.
Film laga av Vard
På spørsmål om kvifor ho valgte å melde seg på kvalifiseringa til Yrkes-NM svarar ho humoristisk at ho ikkje hadde noko val.
Arbeidsleiar og lærlingansvarleg på avdelinga er nemleg regjerande norgesmeister i sveisefaget, Steffen Skaget.
Han deltok i Yrkes-EM i Gdansk i 2023 og det var litt av ei oppleving å få følgje han der!
Han har gitt Selma gode tips og råd undervegs, og er ein god støttespelar.
Det er ei tydelig spent Selma vi møter, men ho har forberedt seg godt og er klar for å gjere sitt beste.
Månadane før og etter kvalifiseringa har gått med til trening mot NM, og ho haustar gode tilbakemeldingar frå fagpersonane rundt seg.
To frå bedrifta følgjer med Selma til Førde, samt vi frå opplæringskontoret. Ein spent heiagjeng!
Selma og Steffen under karrieredag på Haram vgs
Tvi tvi Selma! Dette blir kjekt. Ta det som ei erfaring og sjanse til utvikling.
Hugs at det er ei bragd berre å kvalifisere seg.
Det er ikkje berre Selma vi i NÅOPP skal heie på i Førde.
Tidlegare lærling på IP Huse, Niklas Sæbjørn Hansen, har også kvalifisert seg til Yrkes-NM.
Faget hans er industrimekanikarfaget.
Niklas har deltatt i Yrkes-NM ein gong før, og fekk då ein bronsemedalje.
Dette var same året som Steffen deltok, 2022.
Steffen og Niklas
Vi gler oss til gjensyn med, og å heie på Niklas, i Førde!
Beklagelegvis er ikkje industrimekanikarfaget konkurransefag i EM eller VM, men det er stort med NM også.
#yrkesfag #sveisefaget #industrimekanikarfaget #ungoglovande #Noregsviktigastelandslag #dinturno