For å kunne ansette ein lærling må ein først verte godkjent som lærebedrift. Det gjer ein ved å søke til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke på godkjent søknadsskjema som du finn her. Godkjenning blir innvilga dersom bedrifta har relevante arbeidsoppgåver som gjer at lærlingen får opplæring i kompetansemåla i den aktuelle læreplanen. Bedrifta må også ha ein fagleg leiar som har ansvar for opplæringa i samsvar med opplæringslova. Når bedrifta er godkjent får du ei stadfesting og eit godkjenningsbevis. Du får også tilsendt eit flott merke som viser at di bedrift har lærling.
Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr e-læringskurs til deg som er eller skal bli fagleg leiar eller instruktør for lærling i bedrift.
Dette kurset er obligatorisk for nye faglege leiarar. Kurset er inndelt i 12 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om korleis du kan drive opplæring av lærlingar.
For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset vil du motta kursbevis på e-post. Du finn kurset her
Læretida
Læretida er etter "hovudmodellen" to år i bedrift, der det eine året vert definert som eit opplæringsår, og det andre som eit verdiskapingsår. I praksis betyr det at lærlingen får meir opplæring i starten av læretida enn mot slutten. Dette viser seg også på lønnsstigen. Lærlingen får normalt 30 % av fagarbeiderlønn det første halvåret, 40 % andre halvår, deretter 50 % og til slutt 80% av fagarbeiderlønn siste halvåret.
Krav til bedrifta
For å kvalitetssikre opplæringa er det ein del krav til lærebedriftene.
Opplæringskontoret si rolle
Dersom bedrifta er medlem av Nordre Ålesund Opplæringskontor vil vi hjelpe til med fleire av punkta over. Vi vil i tillegg stå for føgjande:
Økonomisk støtte
Lærebedrifter som har teikna lærekontrakt med lærlinger mottek tilskudd for opplæringa
Basistilskudd I utbetalast til lærebedrifta for lærlingar med rett til videregåande opplæring. Tilskuddet utbetalast for opplæringsåret, ikkje verdiskapingsåret. Tilskuddet til opplæring fordelast likevel over heile perioden. Det vil seie at eit tilskudd for tolv månaders opplæring fordelast over tjuefire månader.
Basistilskudd II utbetalast til bedrifter som tilset lærlinger som er over 21 år, og som har all opplæringstid i bedrift. Ordninga gjeld også for lærlingar som tidligare har fått oppfylt retten til videregåande opplæring. Eit eksempel på dette er en lærling som har gått tre år på eit studiespesialiserende utdanningsprogram, og som seinare teiknar lærekontrakt med sikte på fag- eller sveinebrev. Lengda på læretida vil bli beregna i henhold til regelverket. I motsetning til basistilskudd I utbetalast basistilskudd II for både opplærings- og verdiskapningstid.
Ekstraordinært tilskudd til bedriftar som tek inn lærlingar og lærekandidater med særskilt behov. Denne tilskuddsordninga har til hensikt å stimulere bedrifter til å ta inn lærlingar og lærekandidatar som ikkje har utbytte av det ordinære tilbudet i lærebedrifta. Ofte vil dette gjelde lærlingar og lærekandidatar som har hatt spesialundervisning i skulen, men det er ikkje noko krav for å kunne søke om ekstraordinært tilskudd. Tilskuddsordningen gjeld også for kandidatar som har opplæringskontrakt og siktar mot praksisbrev. Det kan søkast støtte til ekstra personellressursar for å følge opp lærlingen eller lærekandidaten.
Korleis skaffe seg lærling
Det er fleire måtar å komme i kontakt med aktuelle lærlingar. Ein kan lyse ut stillinga som ei vanleg stilling som lærlingaene søkjer på. Ein kan også ta kontakt med oss på opplæringskontoret for å få lister på aktuelle søkjarar. I midten av mars er søkarlistene klare og vi kan formidle kandidatar. Den beste måten er kanskje å ta i mot elevar frå skulen når dei har utplasering i bedrift. Då vert du betre kjent med elevane, og har godt grunnlag for å vurdere om kandidaten er den rette for di bedrift.
Om di bedrift vil verte medlem i Nordre Ålesund Opplæringskontor, kan de nytte innmeldingsskjema under.
Lykke til med å tilsetje ein lærling!
For meir informasjon om lærlingordninga, sjekk desse lenkene, eller ta kontakt med oss på Nordre Ålesund Opplæringskontor.