Din tur no

Kvart år i mars er det mange ungdommar som skal gjere eit viktig val for framtida. Dette valet handlar om skule og framtidig yrkesval, som igjen vil være avgjerande for til dømes kvar du skal busette deg.

Publisert: 24.01.2025 / Oppdatert: 12.03.25

Når ein vel yrkesfag og ser føre seg ei framtid i ei lokal bedrift, handlar det om langt meir enn berre arbeidsoppgåvene og virksomheita du er tilsett i. Ein blir ein del av ei stolt historie der generasjonar har gått føre deg, og lokalsamfunna rundt oss treng nye krefter for å bygge for framtida.

I filmane under tek vi utgangspunkt i historia, og at det no er din tur. Det er din tur til å ta over stafettpinnen og byggje vidare på det generasjonane før deg har bygd opp.
Vi håper desse filmane óg skal inspirere dei som inspirerer ungdommane til å ta val. Slike som rådgivaren på skulen, familie, vener og bekjente.

I kampanja “Din Tur no!” utfordra vi NÅOPP sine medlemsbedrifter til å skrive eit personleg brev til sine lærlingar, og fortelle dei kor viktige dei er for alle rundt seg.

Vennligst godta statistics, marketing-informasjonskapsler for å se denne videoen.

"Vår viktigaste rekrutteringskjelde er lærlingar. Det er noko vi må ha for å kunne eksistere og opprettholde kompetanse"

Arve Krogsethagen
Produksjonssjef
Vard Søviknes