Elev- og lærlingombodet

Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon, og dine rettar som elev i vidaregåande skule eller som lærling.

Publisert: 12.01.2025 / Oppdatert: 02.03.26

Elev- og lærlingombodet er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til elevar og lærlingar i Møre og Romsdal. Ombodet har teieplikt, og er meint som eit gratis lågterskeltilbod til ungdommar i vidaregåande opplæring.

Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg om du treng råd og hjelp om forhold som gjeld din opplæringssituasjon og dine rettar som elev i vidaregåande skole eller lærling. Ombodet kan vere ein diskusjonspartnar for deg, vise deg veg i systemet eller hjelpe deg med å ta saken din vidare. Du bestemmer kva hjelp du ønsker, og kor involvert du vil at ombodet skal vere.

Du kan lese meir om elev- og lærlingombodet på mrfylke.no.

Bilde av Synne Strøm Astad, elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal

Synne Strøm Astad

Elev- og lærlingombod
Tlf: 71 28 04 49 / 95 13 72 28
E-post: elo@mrfylke.no

Foto: Eskil Bjerkestrand / Tingh