Det er mange gode grunnar til å velje yrkesfag og bli lærling. I arbeidslivet er behovet for ansatte med fagkompetanse stort og stadig aukande.
Det er mange gode grunnar til å velje yrkesfag og bli lærling. I arbeidslivet er behovet for ansatte med fagkompetanse stort og stadig aukande.
Med fagbrev får du ein yrkeskompetanse – ein formell kompetanse og utdannelse i eit yrke.
Mange elevar vel å gå direkte frå Vg2 til Vg3 påbygg for å kunne studere vidare i staden for å ta læretid i bedrift.
Det treng ikkje vere anten eller.
Tar ein læretid i bedrift først får ein yrkeskompetanse og viktig erfaring – og ein kan så studere vidare etterpå om ein ønskjer.
Alle som har tatt fagbrev har rett til plass på Vg4 påbygging til generell studiekompetanse innan utgangen av året ein fyller 24 år.
Det er også verdt å merke seg at om ein tar påbygg på Vg4 har ein 7 timar mindre i veka enn om ein tar det på Vg3. Då kan ein for eksempel kombinere det med litt arbeid.
Ein arbeidstakar som har yrkeskompetanse er veldig attraktiv på arbeidsmarknaden.