Industrimålarfaget
Sist oppdatert: 26/05/2017
Industrimålarfaget omfattar forbehandling og oppbygging av eit korrosjonshindrande system på stålkonstruksjonar og metall innanfor norsk petroleumsindustri, bygg og anlegg, terminalanlegg, kraftverk, mekanisk industri og skipsverft.
Aktuelle arbeidsplassar
Som industrimålar kan du få jobb i mekanisk industri, verkstads-, skipsverfts- og oljeindustrien, både on- og offshore.
Sentrale arbeidsoppgåver
- klimatisk kontroll
- val og sikring av rett bruk av verneutstyr
- forbehandling av overflater med manuelle og mekaniske metodar
- oppbygging av målingssystem med kost, rull og høgtrykkspumper
- eigenkontroll – bruk av kontroll- og måleutstyr
- vedlikehald og ettersyn av utstyr
Personlege eigenskapar
Du må kunne arbeide planmessig, systematisk og nøyaktig, ha gode fagkunnskapar og basiskunnskapar om kva miljøbelastingar arbeidsplassen blir utsett for, mellom anna ergonomiske problem og bruk av helsefarlege stoff. Du bør kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Utdanningsveg
- Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
- Vg2 Overflateteknikk
- Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagbrev.
Les meir på vilbli.no