Kjemiprosessfaget
Kjemiprosessfaget

Kjemiprosessfaget

Sist oppdatert: 02/12/2020

Du lærer å styre og overvake produksjon i prosessindustrien, samt rense drikkevatn, avløpsvatn og prosessvatn.

Aktuelle arbeidsplassar

Som fagoperatør kan du få jobb i den kjemiske prosessindustrien. Den omfattar ei rekkje bransjeområde som kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, farmasøytisk industri og produksjon av sildolje, olje og gass offshore. Du kan òg få jobb i metallurgisk industri, til dømes i eit smelteverk, omnshus eller støyperi.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • sikker start, stopp og drift av produksjonseiningar og prosessar i høve til prosedyrar og retningsliner
  • arbeid med kjemikalium av forskjellige faregrader og aggregattilstandar, ekstremt låge og høge temperaturar og trykk og utstyr med store dimensjonar
  • arbeid med omnar med ekstremt høge temperaturar
  • bruk av tekniske flytskjema
  • overvaking og drift av mekanisk utstyr
  • overvaking og feilsøking av prosessutstyr og prosessar
  • klargjering av prosessutstyr for vedlikehald og gjennomføring av førebyggjande vedlikehald

Personlege eigenskapar

Ein fagoperatør i kjemisk prosessindustri skal kunne arbeide planmessig, nøyaktig og grundig, både sjølvstendig og saman med andre. Det blir stilt store krav til sosial kompetanse og kommunikasjonsevner. Du må kunne nytte sansane (lukte, lytte, sjå, føle) for å observere uønskte situasjonar. Du må kunne løyse akutte problem raskt og effektivt.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknologi- og industrifag
  2. Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no og på udir.no

Våre medlemsbedrifter