Tømrarfaget
Sist oppdatert: 03/06/2020
Tømrarar bygger hus, bustadblokker og andre byggverk.
Aktuelle arbeidsplassar
Som tømrar kan du få jobb i tømrar, entreprenør- eller byggjefirma. Mesteparten av arbeidet går føre seg på byggeplassar, gjerne utandørs. Ein del av jobben kan også gå føre seg på verkstadar. Det daglege arbeidet kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass. Som tømrar kan du også starte ditt eige firma der du arbeider åleine eller har eigne tilsette.
Sentrale arbeidsoppgåver
- konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar i tre, mur, stål eller betong
- produksjon og montering av element, modular og innreiingar
- lafting
- rehabilitering og vedlikehald av bygningar
- teiknings- og konstruksjonsforståing
- arbeidsplanlegging og drift av byggjeplassar
Personlege eigenskapar
Tømrarfaget krev sjølvstendige utøvarar som er nøyaktige, kreative, nytenkjande og miljøbevisste. Du må kunne samarbeide med andre, ha gode materialkunnskapar, god kommunikasjonsevne, praktisk sans og godt handlag. God fysikk kan også vere ein fordel.
Utdanningsveg
- Vg1 Bygg- og anleggsteknikk.
- Vg2 Tømrar.
- Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Sveinebrev etter bestått sveineprøve.
Les meir på: vilbli.no