2xGull og ein sølv i Yrkes-NM!

Alle våre fire lærlingar som deltok i Yrkes-NM i industrifag 10.-12. februar gjorde ein fantastisk innsats.
Ane Rovde frå Finnøy Gear & Propeller AS tok gull i industrimekanikarfaget og Jakob Viddal Cummins frå Vard Søviknes tok gull i sveisefaget.
Selma Marie Lerstad, også frå Vard Søviknes, tok sølv i sveisefaget.

Publisert: 20.02.2026 / Oppdatert: 20.02.26

Etter tre intense konkurransedagar i Kongsberg vart norgesmeisterane i industrimekanikarfaget, sveisefaget og automatiseringsfaget kåra.
For NÅOPP stod jubelen i taket då Ane og Jakob vart ropt opp som vinnarar og Selma tok sølvet.
Amund Tafjord Rødhammer, Vard Søviknes, gjorde også ein flott innsats, men nådde ikkje heilt opp til pallplass denne gongen.
Vi er så utruleg stolte over dei alle saman. Å få stå på sidelinja under ein slik konkurranse, og ikkje minst følgje utviklinga til lærlingane undervegs i læretida, er eit privilegie.
Dei har gjennom konkurransen fått vist fram talent og ferdigheiter i faga sine. Bak prestasjonane ligg det mykje trening og god opplæring frå bedriftene.

I automatiseringsfaget gjekk førsteplassen til Tommy André Steinnes Slyngstad, Viddal Automation AS og Henrik Vestnes Berge, Solwr Robotics AS.
Dei er tilknytta OTEK Sunnmøre.

Alle gulla gjekk dermed til Møre og Romsdal og Sunnmøre. Dette syns vi er veldig kjekt og kan berre stille oss bak uttalen til Bjørnar Valstad, dagleg leiar i World Skills Norway:

Dette er ikke tilfeldig. På Sunnmøre har man over lang tid bygget svært sterke industrimiljøer med høy faglig kompetanse, god innsøkning til yrkesfag, gode skoler tett på industrien og ikke minst tett og systematisk oppfølging fra opplæringskontorene. Det gir resultater.

Jakob sveisar med elektrode

Jakob starta som lærling i sveisefaget i august 2025. At han eit halvt år seinare er kåra til norgesmeister i faget kan ein berre ta av seg hatten for.
Ikkje tvil om at dette er ein gut med teft for faget!
Sjå saka vi skreiv om Jakob og dei andre deltakarane frå Vard Søviknes før konkurransen her.
Oppgåvene deltakarane fekk bryne seg på var å sveise saman to plater, samanstille og sveise ei boks som skulle trykktestast, sveise eit rør som skulle testast med NDT og sveise ein aluminiumsboks. Under oppgåvene var det krav til sveisemetode og sveisestilling – i tillegg til hardt tidspress.

Ane monterer akslingen ho har dreia

Ane viste ei utruleg ro og fokus gjennom heile konkurransen. Ho var av dei første til å bli ferdig med oppgåvene, og hadde god tid til evalueringa av arbeidet på siste konkurransedag. Oppgåvene i industrimekaniarfaget var mellom anna å dreie, frese, bøye rør, og montere. Det er høge krav til kvalitet og presisjon.
Til sommaren ventar fagprøve for Ane i industrimekanikarfaget og erfaringa frå NM er nok også god trening mot den!
Sjå saka vi skreiv om Ane før konkurransen her.

NÅOPP var sjølvsagt med til Kongsberg og heia på alle dei flinke lærlingane.
Vi håpar at enda fleire lærlingar og bedrifter får augene opp yrkeskonkurransar framover.
Det har stor verdi både for lærlingen sjølv og for fagopplæring/næringsliv. Yrkeskonkurransar er med på å auke status, kvalitet og rekruttering til yrkesfag.
Det er ungdommen som skal ta over stafettpinnen og bygge landet vår i framtida. Yrkeslandslaget er Noregs viktigaste landslag!

Vi har laga ein film med små snuttar og bilete frå konkurransen:

Konkurransen

Det var totalt 20 lærlingar og unge fagarbeidarar som hadde kvalifisert seg og deltok i Yrkes-NM i Kongsberg.
Industrimekanikarane si oppgåve gjekk mellom anna ut på å

Alle deltakarane. Foto: Norsk Industri

Konkurransen gjekk føre seg på to lokasjonar; Krona, Fagskolen i Viken, og på K-Tech.
Norsk Industri var arrangør av konkurransen som fungerar som offisielt uttak til WorldSkills Shanghai 2026 og EuroSkills Düsseldorf 2027.
Ane og Jakob vil dermed få mulighet til å delta på Yrkeslandslaget og representere Noreg i VM i Shanghai i september.
Det vil vere ei kjempeoppleving for dei som deltar!

Fleire bilete frå konkurransen under.
Ein del av bileta er lånt frå Norsk Industri sin artikkel og bildegalleri.