Manglar du fag frå vidaregåande?

Meld deg opp til privatisteksamen innan 15. september!

Publisert: 05.09.2025 / Oppdatert: 05.09.25

Om du manglar fag frå vidaregåande skule må du i løpet av læretida bestå desse for å kunne ta fagbrev.
Du melder deg opp som privatist på privatistportalen som er open to gongar i året, 01.09-15.09 og 15.01-01.02.

Privatistportalen - privatist.inschool.visma.no

Fagkode

Pass på at du brukar riktig fagkode når du melder deg opp.
Fagkoden står på lærekontrakta di.
Ta kontakt med NÅOPP om du treng hjelp med oppmelding.

Fritak for fellesfag - yrkesfagleg utdanningsprogram

Om ein har gjennomført opplæringa (følgt undervisninga), men ikkje bestått inntil to fellesfag frå vidaregåande skule, kan ein søke om fritak.
Då må ein vise til sakkyndig vurdering frå PP- tenesta som viser at ein har lærevanskar i faget/faga.
Det er fylkeskommunen som avgjer om søknaden vert innvilga.