Lærlingesamling for nye lærlingar på ID Huset i Brattvåg 02.09.2025.
Lærlingesamling for nye lærlingar på ID Huset i Brattvåg 02.09.2025.
Totalt har vi signert i overkant av 50 nye kontrakter innan 14 ulike fagområder og i 21 av våre medlemsbedrifter.
Samlinga vart innleia av styreleiar i NÅOPP Magne Runar Harnes, som ønska velkommen og minte dei på rettar og plikter dei har i bedrifta.
Programmet vidare omhandla læreplanverk og læreplanar der lærlingane fekk setje seg inn i dei ulike delane av læreplanen sin.
Alle læreplanar har tverrfaglege tema som mellom anna Demokrati og medborgarskap og Livsmestring og folkehelse og vi meiner vi greidde å trekke inn desse to temaene i det vidare programmet. Jørn Inge Hestnes frå Fellesforbundet snakka om partssamarbeidet, krav og forventningar og om eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv. Han forklarte godt korleis rettane vi kanskje tek for gitt ,har blitt kjempa for gjennom tidene.
Elisabeth Marøy heldt eit engasjerande innlegg om livsmestring- kven du er og kven du vil være.
Vi var også så heldige å få Thea Risbakk-Solem, lærlingerepresentant i styret i NÅOPP til å fortelje om si rolle som lærlingerepresentant og samtidig kome med råd og tips til dei nye lærlingane, før vi hadde eit skriftleg val av vararepresentant til styret.
Etter opptelling av avlagte stemmer, er Maria Dortea Sætre den nye vara lærlingerepresentant.
På ei slik samling er det også naturleg å trekke inn våre forventingar til bruk av olkweb og kvifor ein skal dokumentere opplæringa si.
Lene Alvestad Sønderland fekk ansvaret for ei teori-tung økt til slutt før ei mentiundersøking ga oss litt tilbakemelding på oppstarten av læretida