
Lærarane ved Haram vgs ,Hege Pia Hansen og Elisabeth Vegsund ,hadde ansvar for dagen og for fleire av lærlingane var det nok også kjekt å kome tilbake til skulen og møte dei.
Lærlingane vart delt i to grupper med ulike aktiviteter som veksla gjennom dagen.
Dagen starta med innføring i dagens tema som var Astma med ein “case” om Signe på 83 år som har Astma.Ho bor på sjukeheim, men var i går på takterassen, nytte fineveret og også var med å sette blomster i potter for å dekorere uteplassen. Læringsmål: Sette i gong sjukepleietiltak for ein pasient med Astmaforverring

I simuleringsaktiviteten var Lærdalsdukka Signe i bruk- ei livaktig dukke som kan puste og svare på spørsmål. Denne blir også brukt i undervinsninga for elevane.
Lærlingane fekk tildelt roller- to pleiarar og ein observatør og dei utførte så sjukepleietiltak på Signe med Astma.

Del to av opplegget var refleksjon,der lærarane ved hjelp av kun spørsmål fekk lærlingane til å reflektere over korleis stellet hadde gått, kva observatøren observerte, kva ein evt kunne ha gjort annaleis. Dette var ein lærerik seanse.
Etter dette sette lærlingane i gong med å skrive pleieplan og gjennomførte simuleringa på nytt.
Dagen vart avslutta med ein teoretisk gjennomgang av pleieplanen.
Vi håper lærlingane opplevde dette som ei lærerik dag. Ein fin måte å få trene på refleksjon og begrunning.
Tusen takk til Hege Pia og Elisabeth som tok imot oss og laga eit godt undervisningsopplegg.