Teikningslesingskurs i industrirørleggarfaget

I samarbeid med Vard Brattvaag arrangerte vi teikningslesingskurs i industrirørleggarfaget tysdag 28.04.2026.
Kurset er eit samarbeidsprosjekt med skule-næringsliv der vi ønskjer å sette fokus på og auke kompetansen i faget.

Publisert: 30.04.2026 / Oppdatert: 30.04.26
Arrangement dato: 28. april
Opplæring i teikningslesing - systemteikning
Emil Naalsund, Vard Brattvaag, var kurshaldar i systemteikning

Engasjerte lærlingar og lærarar frå NÅOPP, OTEK Sunnmøre og Haram vgs deltok på kurset.
Lærlingane høyrer til bedriftene Vard Brattvaag, Vard Langsten, Vard Søviknes, Rørtek og Fiskerstrand Verft.
Det er kjekt for lærlingane å samlast på tvers av bedriftene for å utveksle erfaringar, og det var også kjekt for lærarane å møte igjen tidlegare elevar!

Tema for kurset var systemteikning og ISO-teikning.
Dagen var variert med ei blanding av teori og praktiske oppgåver både på verkstad og om bord i båt.

 

Opplæring ISO-teikning. Viser på powerpoint
Lene Alvestad Sønderland, NÅOPP, var kurshaldar i ISO-teikning

Deltakarane var delt inn i grupper og måtte leggje fram resultatet av gruppeoppgåvene på slutten av dagen.
Dei skulle tolke og teikne teikningar, rekne ut kappmål og lage materiallister.
Om bord fekk dei følgje eit heilt system og fekk dermed god kjennskap til symbol, utstyr, armatur, merking og meir.
Undervegs var der også ein lagkonkurranse på tid der den eine skulle forklare to ISO-teikningar og den andre bøye strengar korrekt – berre basert på forklaringa. Etter to godkjente strengar skulle dei bytte roller på to teikningar til. Her var sansane skjerpa og engasjementet høgt! Kvar sin twistpose til vinnarlaget.

 

Vard Brattvaag var ikkje tunge å be då NÅOPP spurte om vi kunne arrangere kurs saman.
Gjengen på røyravdelinga og andre i bedrifta har lagt ned ein kjempeinnsats både i forkant og under gjennomføringa av kurset.
Dei ser verdien av at lærlingane får god opplæring i teikningslesing då det er sentralt i faget.
Det er ikkje tvil om at ein lærer meir når ein får kombinere teorien med praksis.
Eitt av måla med kurset er at lærlingane skal bli tryggare, meir sjølvstendige og effektive i teikningslesing. Det er også viktig trening fram mot fagprøva.

Gruppearbeid på verkstad - ta mål og lage teikning
Gruppearbeid på verkstaden, ISO

Samarbeid med vidaregåande skular er viktig for å auke interessa og kompetanse i faget, og dermed også auke rekrutteringa. Vi håpar at faget kan kome meir inn i skulen framover.

Alle partar har utbytte av eit tett samarbeid mellom skule og næringsliv.

Vi håpar at alle hadde ein kjekk og lærerik dag på kurs!

Læreplanen i Vg3 industrirørleggarfaget seier at lærlingen skal kunne

  • bruke isometriske og andre tekniske tegninger for å planlegge og gjennomføre en produksjon og montasje
  • planleggebeskrive og gjennomføre eget arbeid i tråd med tegninger og standarder, og evaluere arbeidet i etterkant