Lærlingen Sigurd Kvalsvik Lausund er valt inn som lærlingrepresentant i styret til NÅOPP.
Lærlingen Sigurd Kvalsvik Lausund er valt inn som lærlingrepresentant i styret til NÅOPP.
I den nye opplæringslova er det krav om at samarbeidsorgan (opplæringskontor) skal ha ein lærlingrepresentant i styret.
Sigurd Kvalsvik Lausund vart valt inn av lærlinggruppa på lærlingsamling i september og skal tale lærlingane sine saker inn til styret i utdanningsåret 2024/2025.
Vara vart 1. årslærling Thea Risbakk-Solheim som vil ta over som hovudrepresentant hausten 2025.
Vi tok ein prat med denne glade 19-åringen frå Slyngstad om utdanningsløp og vervet han har fått.
Eg gjekk Vg1 Helse- og oppvekstfag og Vg2 Helsearbeidarfag på Haram vgs.
No er eg 2. årslærling i helsearbeidarfaget i Haram kommune. Her rullerar eg innom ulike arbeidsplassar for å få breiast mogleg kompetanse i faget. Eg har vore på sjukeheim og heimetenesta, og no arbeider eg på bustad for personar med psykisk utviklingshemming.
Gjennom ungdomsskulen fant eg ut at eg var flinkare med menneske enn matte og maskiner.
Eg tenkte først at born er lette å underhalde så kanskje eg skal bli barne- og ungdomsarbeidar.
Etter første veke i praksis i ein barnehage fann eg ut at det ikkje var noko for meg likevel.
Praksis i sjukeheim og heimetenesta gjorde meg sikker på at det var dette som var rette vegen.
Eg arbeidde som tilkallingsvikar på sjukeheimen gjennom Vg1 og vg2.
Målet er eit fagbrev. Då har eg yrkeskompetanse i eit felt med trygge utsikter for arbeid.
Det vil alltid vere behov for menneske innan helse. Eg trur ikkje teknologi kan erstatte alle oppgåver.
Om eg vil kan eg også studere vidare seinare.
Eg ønskjer å vere involvert i det som omhandlar meg og ha moglegheita til å påverke.
På skulen var eg også elevrådsrepresentant.
I styret skal eg kome med lærlinganes perspektiv på saker og bringe saker frå lærlingane inn til styret.
Det er alt mogleg, ingen saker er for små.
Ting som er relevante for læretida både for den enkelte lærling og heile lærlinggruppa.
Dei kan kome til meg med både det som er positivt og negativt (også anonymt om ønskeleg) så vil eg formidle det inn til styret.
Send meg ein SMS eller ein e-post. Eg ønskjer å få sakene skriftleg så helst ikkje ring.
NÅOPP er glade for at lærlingane engasjerer seg og er sikre på at Sigurd vil gjere ein god jobb med å representere lærlingane!