Nordre Ålesund Opplæringskontor

Opplæringskontoret er eit samarbeids- og serviceorgan for bedrifter som tek på seg opplæringsansvar for lærlingar.

Nordre Ålesund Opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor og har medlemsbedrifter frå Ålesund, Giske, Vestnes og Molde kommune. Vi teiknar lærekontrakt og følgjer opp lærlingane i bedriftene, det er likevel bedriftene som tilsett lærlingen og har arbeidsgivaransvaret. Opplæringskontoret vil bidra til å gi lærlingane gode faglege utviklingmuligheiter, og gi bedriftene kunnskapsrike og dyktige fagfolk.

NÅOPP har to tilsette.

Dagleg leiar: Marit Håhjem Volstad, 907 97 267. marit.volstad@naaopp.no

Opplæringskonsulent: Bjørn-Ove Aaland, 955 57 368. bjorn@naaopp.no


Våre oppgåver

Nordre Ålesund Opplæringskontor tek på seg mange ulike oppgåver i samband med læretida. Vi ynskjer å bidra til at læretida vert ei lærerik og positiv tid for både lærlingar og bedrifter. Nedanfor ser du nokre av våre oppgåver.

  • Skriv lærekontrakt og melder lærlingen opp til fagprøva
  • Er eit bindeledd mellom lærling og bedrift
  • Gjennomfører lærlingssamtalar i bedriftene
  • Legg til rette for at lærlingen får dokumentere opplæringa si på vår digitale opplæringsplattform, Olkweb.
  • Arrangerer kurs og samlingar for lærlingar og instruktørar
  • Ser til at lærlingen får opplæring etter gjeldande læreplanar
  • Vi bistår lærlingar og bedrifter ved fare for heving av lærekontrakta
  • Informerer om fagopplæring og hjelper til med rekrutteringsarbeid
  • Arbeider for betre samarbeid mellom skule og bedrift


Styret

Årsmøtet er ansvarlege for å velje eit styre. Opplæringskontoret sitt styre består i dag av seks medlemmar.

Styreleiar

Lars Kaggerud, Mørenot AS

Nestleiar

Hilde Marit Fjærstad Fiksdal, Vard Langsten

Styremedlem

Bjørn Petter Bøhn, Nogva Motorfabrikk AS

Kathrine Beite, Ålesund Kommune

Magne Runar Harnes, IP Huse AS

Arbeidstakarrepresentant

Ravinthrakumar Suntharalingam, Vard Søviknes

Vararepresentant

Kristine Gjermestad, Finnøy Gear og Propeller AS

Enis Maksumic, Kongsberg Maritime AS avd. Brattvåg