Du lærer å planlegge, montere, drifte og vedlikehalde automatiseringsanlegg. Det vil seie system som fungerer utan eller med lite menneskeleg hjelp.
Du lærer å planlegge, montere, drifte og vedlikehalde automatiseringsanlegg. Det vil seie system som fungerer utan eller med lite menneskeleg hjelp.
Som automatikar kan du få jobb i prosessindustri, mekanisk industri og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld automatiske prosessystem og maskiner.
Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir nytta i kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Automatikaren skal kunne utføre:
Faget er tverrfagleg, og det er derfor viktig at du har god heilskapsforståing for prosessar og automatiseringssystem. Bedriftene treng medarbeidarar som forstår samanhengen frå idé til ferdig produkt. Det er òg viktig at du forstår og tek omsyn til behova til brukarane. Du må vere nøyaktig, ha godt handlag og vere interessert i teknologi.
Utdanningsveg
Elektro og datateknologi / Teknologi og industrifag
Automatisering
Automatiseringsfaget
1,5 år verdiskaping i bedrift
Du kan også velge YSK-elektro ved Haram vgs. Kombinasjon mellom skule og opplæring i bedrift gir fagbrev som automatikar og studiekompetanse etter 4 1/2 år.