Laboratoriefaget

Ein faglaborant kontrollerer, kvalitetssikrar og dokumenterer produkt, metodar og materialar.
Publisert: 28.08.2026 / Oppdatert: 28.08.26

Aktuelle arbeidsplassar

Faglaboranten jobbar som regel på eit laboratorium, anten i industrien, ved sjukehus, universitet og høgskolar eller i offentlege eller halvoffentlege bedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

Ein faglaborant kan arbeide innan forskning, produksjon, diagnostikk, rettsmedisin, mattryggleik, helse og miljø. Faglaboranten har kunnskap om prøvetaking, forståing for produksjonsprosessen og kompetanse i kjemi og laboratorieteknikkar.

Sentrale arbeidsområde er å

    • bruke og vedlikehalde instrument og utstyr
    • planleggje og utføre prøvetaking
    • klargjere prøver for analysar og gjennomføre analysar
    • vurdere og verifisere analyseresultat
    • sikre sporbarheit av analysar, utstyr og testresultat
    • utføre arbeid i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og kvalitetssikring
    • effektivisere og forbetre metodar, rutinar og prosedyrar

Personlege eigenskapar

Ein faglaborant må kunne arbeide planmessig og sjølvstendig. Du må vere nøyaktig og tolmodig og kunne samarbeide med andre fagfolk og brukarar av laboratorieresultata.

Utdanningsveg:

 

1

Vg1

Teknologi- og industrifag / Elektro og datateknologi

2

Vg2

Kjemiprosess- og laboratoriefag

3

Vg3

Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Medlemsbedrifter som har laboratoriefaget

Pharma Marine AS

Film frå vår medlemsbedrift

 

Ønskjer du meir informasjon? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Marit Håhjem Volstad