Platearbeidarfaget

Ein platearbeidar formar plater, røyr og profilar, og sett dette saman til større konstruksjonar

Publisert: 12.01.2025 / Oppdatert: 12.01.25

Aktuelle arbeidsplassar

Arbeidsplassar for platearbeidarar finst mellom anna innanfor kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsindustri og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • detaljforming av tjukke og tynne plater, røyr og profilar
  • samansetjing av delane til større komponentar og konstruksjonar
  • handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • bruk av alle typar platebearbeidingsmaskiner
  • utføring av arbeidsprosessar etter fastsett metode
  • vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr

Personlege eigenskapar

Ein platearbeidar må kunne arbeide nøyaktig, effektivt, rasjonelt og planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha teknisk innsikt, sosial kompetanse og godt handlag.

Utdanningsveg:

 

1

Vg1

Teknologi- og industrifag / Elektro og datateknologi

2

Vg2

Industriteknologi

3

Vg3

Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Medlemsbedrifter som har platearbeidarfaget

Haram Industrier AS

IP Huse AS

Ulmatec Pyro AS

Vard Brattvaag, Vard Langsten og Vard Søviknes

Ønskjer du meir informasjon? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Marit Håhjem Volstad