Snikkarfaget med fordjuping

Snikkaren lagar treprodukt som dører, vindauge, trapper og innredningar til kjøkken og bad.

Publisert: 24.01.2025 / Oppdatert: 24.01.25

Aktuelle arbeidsplassar

Snikkaren har arbeidsplassen sin i bedrifter som produserer vindauge, dører, trapper og/eller innreiingar av tre. Arbeidsplassen er i hovudsak på ein fast produksjonsstad, men det kan vere enkelte monteringsoppdrag ute på byggjeplassar.

Sentrale arbeidsoppgåver

I snikkarfaget spesialiserer du deg innanfor desse fordjupingsområda: produksjon av vindauge og dører, trapper eller innreiingar.

Arbeidsoppgaver:

  • teikning, produksjon og samansetjing av produkt
  • materialhandtering
  • maskinering/tilarbeiding
  • monteringsarbeid
  • overflatebehandling

Personlege eigenskapar

Ein snikkar må kunne lage, lese og forstå arbeidsteikningar og spesifikasjonar og kunne velje rette materiale, verktøy og utstyr. Faget var tidlegare eit typisk handverksfag, men i dag er den maskinelle sida av faget langt meir framståande enn den handverksmessige. Datastyrte maskiner er utbreidd, og datakunnskap er viktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig, grundig og nøyaktig, vere kreativ og ha estetisk sans.

Utdanningsveg:

 

1

Vg1

Bygg- og anleggsteknikk

2

Vg2

Treteknikk

3

Vg3

Opplæring i bedrift i to år. Sveinebrev etter bestått sveineprøve.

Medlemsbedrifter som har snikkarfaget

EikTrapp Montering AS

R&M Ship Interior AS

Vard Interiors AS

Ønskjer du meir informasjon? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Marit Håhjem Volstad