Sveisefaget

Ein sveisar arbeidar med å sveise saman metallkonstruksjonar.

Publisert: 27.03.2025 / Oppdatert: 27.03.25

Aktuelle arbeidsplassar

Sveisaren arbeider i mellom anna kjemisk og mekanisk industri, innanfor oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva i faget er å føye saman metalliske materiale ved hjelp av forskjellige smelteprosessar. Sentrale arbeidsområde er

  • arbeid etter instruksjonar, teikningar og WPS (sveiseprosedyrar)
  • handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • utføring av sveiseprosessar etter fastsett metode
  • vedlikehald og feilsøking på sveiseutstyr

Personlege eigenskapar

Ein sveisar må kunne arbeide svært nøyaktig, planmessig, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha praktisk handlag og gode fagkunnskapar.

Formelle krav
Faget krev ofte utdanning og sertifisering med diplom eller sertifikat i samsvar med internasjonale standardar og krav.

1

Vg1

Teknologi- og industrifag / Elektro og datateknologi

2

Vg2

Industriteknologi

3

Vg3

Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Medlemsbedrifter som har sveisefaget

Bauta Construction AS

ET Hydraulikk

IP Huse AS

NorWest AS

Ulmatec Pyro AS

Vard Brattvaag, Vard Langsten og Vard Søviknes

Hils på Selma, sveiselærling ved Vard Langsten! I filmen som Vard har laga snakkar ho om faget og korleis det er å vere lærling i bedrifta.

Ønskjer du meir informasjon? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Marit Håhjem Volstad