Tavlemontørfaget

Ein tavlemontør arbeidar med produksjon, reparasjon og vedlikehald av elektrotavler for energidistribusjon, automatisering og maskinanlegg

Publisert: 24.01.2025 / Oppdatert: 24.01.25

Aktuelle arbeidsplassar

Som tavlemontør kan du få jobb i bedrifter som monterer, koplar og kontrollerer elektriske tavler.
Elektriske tavler blir brukt i ulike bygningar, innan industri, offshore og maritime installasjonar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Tavlemontørfaget er svært omfangsrikt, med arbeidsoppgåver som omfattar mekanisk og elektrisk montasje, og kontroll. Sentrale arbeidsområde i faget:

  • Planleggjing og gjennomføring av arbeidet ut frå aktuell dokumentasjon, direktiv, forskrifter og normer
  • Byggjing av elektriske tavler for distribusjon, styring og omforming av elektrisk energi og signalar
  • Montering og kopling av mekaniske og elektriske komponentar og einingar i høve til aktuell dokumentasjon
  • Kontroll, feilsøking og feilretting i tavleanlegg

Personlege eigenskapar

Som tavlemontør må du vere nøyaktig, ha gode praktiske ferdigheiter, evne til kreativitet og vere løysingsorientert.

Utdanningsveg:

 

1

Vg1

Elektro og datateknologi

2

Vg2

Automatisering / Elenergi og ekom

3

Vg3

Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Medlemsbedrifter som har tavlemontørfaget

Northern Islands Technology AS

Ønskjer du meir informasjon? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Marit Håhjem Volstad