Det er fleire måtar du som vaksen kan ta fagbrev på.
Det er fleire måtar du som vaksen kan ta fagbrev på.
Dersom du ikkje har formell skolegang, men har lang og allsidig arbeidspraksis i faget, kan du ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat. Praksiskandidatar går opp til den same fag- eller sveineprøva som lærlingar eller fagbrev på jobb-kandidatar.
Les om ordninga på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les om ordninga her
Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold.
Søknadsfrist er 20. mai 2026. Kontrakten må ha oppstart seinast innan utløpet av august 2026. Det er bedrifta/opplæringskontoret som må søke kontrakt om Fagbrev på jobb.
Les om ordninga på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les om ordninga her
Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobbe i ei bedrift. Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skole og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Det vanlege er to år på skule og to år i bedrift. I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag. Etter desse to åra går du opp til fag- eller sveineprøve.
Du kan også vere lærling som vaksen. Tidlegare skulegang og praksis i det aktuelle lærefaget kan gi godskriving av læretida. Ein må ha bestått fellesfaga og ein Vg3 teorieksamen (om ein ikkje har gjennomført programfaga) før ein går opp til fagprøva.
Vidaregåande opplæring for vaksne er eit gratis tilbod som innbyggarane i Møre og Romsdal kan søke om frå det året dei fyller 19 år. Fylkeskommunen har fleire ulike tilbod om yrkeskompetansar og fag-/sveinebrev.
Dei som har fullført grunnskule eller tilsvarande har rett til vidaregående opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse. Det står i opplæringslova § 5-1.
Retten til vidaregåande opplæring har ein heilt fram til ein har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, uavhengig av kor lang tid ein brukar på å oppnå dette.
Etter fylte 24 år har ein rett til videregåande opplæring for vaksne. Personar mellom 19–24 år kan velje om dei vil ha opplæring organisert for elevar eller vaksne. Retten til vidaregåande opplæring for vaksne står i opplæringslova § 18-3.
Dei som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse har rett til yrkesfagleg rekvalifisering og dermed rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Dette står i opplæringslova § 18-4.
Om du er usikker på kva du vil bli kan du ta kontakt med ein karriererettleiar.
Alle over 19 år har rett til gratis rettleiing knytt til utdanning eller arbeid. Karriererettleiing er ein samtale mellom deg og ein rådgivar, der målet er å finne ut kva du vil, kan og kva moglegheiter du har for jobb eller kompetanseheving. Samtalen er konfidensiell.