Stillinga som dagleg leiar i NÅOPP blir ledig

Publisert: 09.04.2026 / Oppdatert: 09.04.26

Ein sjaldan sjanse!

 

 

Vil du bli ny dagleg leiar i NÅOPP?

Dagleg leiar/opplæringskonsulent i NÅOPP-fleirfagleg opplæringskontor
Sunnmøre og Romsdal
NÅOPP søkjer ny dagleg leiar, og vi søkjer deg som ser betydninga av fagopplæring og som vil vere med lærlingane våre på vegen mot fagbrev.
Er du er interessert i fagopplæring og kvalitetssikring av opplæringa, og kommuniserergodt med ungdom?
Då har du ein sjeldan sjanse!
Ved eventuelt internt opprykk kan det i staden for dagleg leiar bli ledig stilling som
opplæringskonsulent.
Ver venleg å opplyse i søknaden om du søkjer på leiarstillinga, konsulentstillinga,
eller begge.
Oppstartsdato: 01.10.2026
Arbeidsoppgåver for dagleg leiar/opplæringskonsulent
• Oppfølging og vurderingssamtalar med lærlingar i medlemsbedriftene.
• Arrangere samlingar og kurs for lærlingar og instruktørar/faglege leiarar.
• Informasjons- og rekrutteringsarbeid i ungdomsskular,vidaregåande skular og på
yrkesmesser.
• Oppdatering av heimeside og sosiale medium.

Dagleg leiar har i tillegg desse oppgåvene
• Leie samarbeidsorganet si drift i samsvar med lov og forskrift.
• Førebu saker til styret, kalle inn til styremøte og årsmøte og utøve       sekretærfunksjonen i møta.
• Leie og koordinere samarbeidet med alle våre samarbeidspartnarar, som t.d.;
bedrifter, kommunar, Møre og Romsdal Fylkeskommune, skular (grunnskule,
vidaregåande og høgare utdanningsinstitusjonar)
og så vidare.
Ønska kvalifikasjonar
• Genuint interessert i fagopplæring.
• Gjerne erfaring frå eit av fagområda som ligg under NåOpp.
• Strukturert, nøyaktig og påliteleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig og organisere eigen arbeidsdag.
• Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg.
Må kunne kommunisere skriftleg på nynorsk.
• Gode digitale ferdigheiter og erfaring med bruk av sosiale medium.
• Leiarerfaring er ein fordel for stillinga som dagleg leiar.
• Må disponere eigen bil.
• Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
• Fast stilling med varierte arbeidsdagar.
• Arbeidsstad i Kompetanseparken i Brattvåg.
• Løn og pensjon etter avtale.
• Bedriftshelseteneste.
• Eit godt nettverk innan fagopplæring.
MEIR OM OSS
NÅOPP-fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal (NÅOPP) er eit
samarbeidsorgan for private og kommunale lærebedrifter på Sunnmøre og i Romsdal som tek på seg opplæringsansvar for lærlingar og lærekandidatar.
NÅOPP har som føremål å rekruttere til, koordinere, støtte og kvalitetssikre
medlemsbedriftene si fagopplæring
NÅOPP skal medverke til at opplæringa skjer i samsvar med opplæringslova med
forskrift og dei fastsette læreplanane for faga, og medverke til at opplæringa held
høg kvalitet.
NÅOPP følger opp lærlingar og lærekandidatar i medlemsbedriftene.
NÅOPP skal informere om fag og fagopplæring og arbeide med rekruttering av nye lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter.
NÅOPP skal arbeide for å få oppretta fleire læreplassar, auke gjennomstrøyminga og heve statusen for fagopplæringa i regionen.
Les meir på www.naaopp.no
Interessert?
Send søknad til marit.volstad@naaopp.no
Søknadsfrist 15.05.2026
For meir informasjon om stillinga: Kontakt dagleg leiar Marit Håhjem Volstad
tlf 907 97 267. naaopp.no