DIN TUR NO!

Opplæringskontoret i Haram
Opplæringskontoret i Haram

DIN TUR NO!

Brev til ein lærling

Kvart år i mars er det mange ungdommar som skal gjere eit viktig val for framtida. Dette valet handlar om skule og framtidig yrkesval, som igjen vil være avgjerande for til dømes kvar du skal busette deg.

Når ein vel yrkesfag og ser føre seg ei framtid i ei lokal bedrift, so handlar det om langt meir enn berre arbeidsoppgåvene og virksomheita du er tilsett i. Ein blir ein del av ei stolt historie der generasjonar har gått føre deg, og lokalsamfunna rundt oss treng nye krefter for å bygge for framtida.

I filmane under tek vi utgangspunkt i historia, og at det no er din tur. Vi håper desse filmane og skal inspirere dei som inspirerer ungdommane til å ta val. Slike som rådgivaren på skulen, familie, vener og bekjente.

I kampanja "Din Tur no!" kjem vi til å utfordre NåOpp sine medlemsbedrifter til å skrive eit personleg brev til sine lærlingar, og fortelle dei kor viktige dei er for alle rundt seg. Og steget vidare er at desse breva skal skape aktivitet og innhald i sosiale medier, for å treffe ungdommane som skal gjere sitt val i mars.