EuroSkills Gdansk 2023

Yrkeslandslaget Foto World Skills Norway
Yrkeslandslaget Foto World Skills Norway
Publisert: 14/09/2023

EuroSkills Gdansk 2023 - Yrkes EM for lærlingar og unge fagarbeidarar, gjekk av stabelen 5. - 9. september. NÅOPP var der for å heie på sveisaren Steffen Skaget og resten av det norske laget. Ein utruleg viktig konkurranse som framhevar yrkesfaga!

Del gjerne:

Noregs viktigaste landslag, Yrkeslandslaget, deltok i Yrkes EM i Gdansk 5. – 9. september. Der vart det tre medaljar til norske utøvarar, men alle deltakarane leverte fantastiske prestasjonar! Europa sine beste unge fagarbeidarar og lærlingar konkurrerte i 43 forskjellige fag og Noreg var med i 14 av dei.

Konkurransen

Opningsseremonien i Polsat Plus Arena Gdansk sparka det heile i gong på kvelden 5. september. Her fekk alle laga med sine totalt nesten 600 utøvarar entre scena, land for land, til stormande jubel og applaus frå arenaen og spesielt sin tilreisande supportergjeng.

Deretter følgde tre intense konkurransedagar på den store konkurransearenaen, AmberExpo Halls. Oppgåvene varierer frå fag til fag, men felles for alle er at dei er krevjande. Det er dei aller beste som deltar her, og nivået på oppgåvene speglar sjølvsagt det. Det var antatt rundt 100 000 besøkande på arenaen desse dagane, og konkurransane føregjekk med publikum som følgde spent med på at dei arbeidde. Å klare å behalde roa og utføre jobben sin då er mildt sagt imponerande.

Steffen

Vår kandidat i sveisefaget, Steffen Skaget, kom seg dessverre ikkje til topps denne gongen, men det gjer ikkje prestasjonen noko mindre. Han stod på til siste slutt, men konkurrentane var dessverre litt for gode. Steffen skal vere stolt av bidraget sitt og ha kome så langt, og det er vi og. Undervegs i konkurransen fekk vi samtala litt med han og trenaren hans Leif Ottar Heimro som gav skryt til Steffen både på det faglege og mentale. Å halde nervane i sjakk er viktig i ein slik konkurranse, og det norske Yrkeslandslaget har hatt fleire samlingar i oppladinga til konkurransen der dette har vore tema.

Familien hans og vi i NÅOPP var med til Gdansk som ivrig heiagjeng!

Ein solid prestasjon av Steffen som var ein super representant for både faget sitt og bedrifta si, Vard Søviknes.


Medaljar

Kven som tok medaljane i dei ulike faga var det ingen som visste før vinnarane vart kalla opp på scena under avslutningsseremonien laurdag 9. september. Noreg tok gullmedalje i bilskadefaget. Utøvaren her var Per Magne Egebø Svardal frå Lyngdal. Helsefagarbeidarlærlingen Emma Straub frå Trondheim tok bronse i helsearbeidarfaget og elektrikaren Fredrik Vehus Skervje frå Verdal i elektrikarfaget.

Vi gratulerer! I tillegg fekk 3 av dei 16 norske utøvarane 700 poeng eller meir, som gir «Medallion of Ecxellence». Dei tre var Kayleigh Phillips (hotellresepsjon), Sondre Klungland (lastebil og buss) og Sindre Løland (lette køyretøy).

Viktig arena for å framheve yrkesfag

Yrkesfagkonkurransar er ein viktig arena for å framheve yrkesfaga og rekruttere fleire unge. Unge fagarbeidarar og lærlingar er dei beste ambassadørane for å inspirere andre unge, og dei som deltar får bygge viktig erfaring på ein internasjonal arena. Dette aukar kompetansen som deltakarane igjen bringer tilbake til sine bedrifter. Nivået på fagarbeidarar i Europa er skyhøgt og medaljane syner at Noreg hevdar seg i konkurransen.

Vi treng å rekruttere fleire til yrkesfaga og handverksfaga og slike konkurransar er med på å bygge yrkesstoltheit og dyrke faga. Vi i NÅOPP håpar at «våre» lærlingar blir motiverte og vil prøve å kvalifisere seg til å få delta også i framtida.

For ei oppleving dette var, både for deltakarane og heiagjengen rundt!