Teikningslesingskurs for lærlingar i industrirøyrleggarfaget 07.11.2023

Oversikt
Oversikt
Publisert: 09/11/2023

Tysdag 07.11.2023 arrangerte NÅOPP teikningslesingskurs for lærlingar i industrirøyrleggarfaget!

Del gjerne:

Ei blanding av førsteårs- og andreårslærlingar i faget, totalt seksten stykk, deltok på dette dagskurset i Bygdestova på Eidet Kulturhall.

Industrirøyrleggarlærlingane frå OTEK Sunnmøre deltok på kurset saman med lærlingane frå Nordre Ålesund Opplæringskontor. Lærlingane kom frå fleire ulike lokale bedrifter, frå både verftsindustrien og anna landbasert industri. Vi syns det er så stas at det er så mange flinke lærlingar i faget i regionen vår!
- Og ikkje minst kjekt å få samarbeide med andre opplæringskontor om å gi lærlingane våre kurs!

På agendaen for dagen var systemteikningar, arrangementsteikningar og ISO-teikningar, med mange oppgåver for lærlingane å bryne seg på. Kurshaldar var opplæringskonsulent Lene frå NÅOPP som syns det er veldig kjekt å få formidle delar av faget "sitt" til lærlingane.

Vi håper at dei hadde godt utbytte av dagen og lærte noko som dei tek med seg vidare i læretida si!