Lærling- og instruktørsamling , kommunale fag på Finnøy Havstuer, Sandøy kommune

Dsc07805
Dsc07805
Publisert: 22/01/2017

Vi inviterte til ei to-dagers samling for lærlingar og instruktørar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget ved Finnøy Havstuer 19.-20.januar 2017. Flotte lokaler, god mat og flott vertskap ga oss gode rammer til fagleg påfyll og sosialt samvære.

Del gjerne:

Dag ein var via til tema mental helse.Nina Garshol, psykologspesialist og personaldirektør ved Høgskulen i Volda leia dagen med veksling mellom foredrag og aktivitet frå deltakarane. Ho ga nyttige innspel og verkty for både ein sjølv og i arbeid med menneske.


Gruppearbeid


Dag to hadde vi fokus på fagprøver. Gunvor Dyvik Friisvold,rådgjevar ved Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal gjekk gjennom forskrift til fag-og svenneprøver,samt ga god informasjon om fagprøvene i dei to fagområda. Med oss denne dagen hadde vi også to tidlegare lærlingar som fortalte om sine erfaringar med å gjennomføre fagprøvene. Sara Kristin Hildre,fagarbeidar innan barn- og ungdom og Eva Lene Lien Søviknes, helsefagarbeidar. 

Eva Lene  Lien Søviknes


På samlinga hadde vi også fokus på lærlingane sitt krav til dokumentasjon av opplæringa og instruktørane si rolle som rettleiarar.

På slutten av samlinga informerte Mariann Husøy og Sally Bergtun frå Sandøy kommune om lærlingane sine rettar og plikter i høve lønn, feriar, eigenmelding, sjukefråver m.m