På kurs med fokus på kvalitetsstyringsystem og HMS

Iren Anette Hatlehol
Iren Anette Hatlehol
Publisert: 07/03/2017

Lærlingane i Vardgroup fekk innføring i kvalitetsstyringsystem og HMS på dagskurs ved Vard Søviknes

Del gjerne:

Ved Vard Søviknes arrangerte vi eit dagskurs for lærlingane frå dei tre Vard-verfta, Brattvaag,Langsten og Søviknes, samt Vard Accomodation og Vard Piping tysdag 07.mars. Tilsaman 35 lærlingar innan fire ulike fagområder var tilstade. 

Målet med dagen var å få innføring i ein del av kompetansemåla i  læreplanane som som går på dokumentasjon, kvalitet og HMS.
Kurset var eit samarbeid mellom opplæringskontoret i Haram, Vard Academy og HSEQ manager ved Vard Søviknes, Geir Arne Nordby som hadde fått tak i dyktige medarbeidarar som tok for seg ulike tema.
Iren Anette Hatlehol tok opp kvalitetsbegrepet-kva er kvalitet, standardar ,sertifisering,avviksystem.
Eivind Davik Fjørtoft presenterte ulike teikningssystem, Geir Arne Nordby og Bertil Arntsen  orienterte om HMS, risikoanalyser,verneutstyr, produkdatablad m.m.


Ingeborgvik

Geir Magne Ingeborgvik tok for seg bedrifta si organisering og organisasjonskart.