Samling for førsteårslærlingar

Laerlingsamling
Laerlingsamling
Publisert: 14/09/2023

Tysdag 12.09.23 arrangerte NÅOPP lærlingsamling for førsteårslærlingane i Opplæringskontoret!

Del gjerne:

For utdanningsåret 23/24 har vi i Nordre Ålesund Opplæringskontor så langt 37 nye lærlingar i 14 ulike bedrifter og i 13 ulike fagbrevområde.

Kvart år arrangerar vi ei slik samling for dei nye lærlingane som skal ta til på ei spanande læretid. Denne gongen vart samlinga halde på ID-huset i Brattvåg.

Det var ein kjekk dag der vi fekk bli betre kjend med dei kjekke lærlingane våre.
Agenda for dagen var mellom anna læreplanarbeid, gjennomgang av Olkweb og forventningar.
I tillegg fikk lærlingane innblikk i eit prosjekt NÅOPP arbeidar med som straks er klart for lansering, og som vi håpar at dei vil vere med å bidra inn i.


Vi gler oss til å følgje dei på vegen fram mot fagbrevet!


Fleire bilete av samlinga finn du på vår Instagram og Facebook